Innspel om kulturbygg og idrettsanlegg

Dette gjeld både for kulturbygg og idrettsanlegg. Handlingsdelen vil vere ei oversikt over bygg og anlegg som anten er ferdigstilt, eller er under bygging/rehabilitering, og bygg og anlegg som har ein konkret plan for oppstart og fastsett tiltakshavar.

Handlingsdelen vil bli rullert årleg, så det er ikkje behov for å melde inn bygg og anlegg som er i tidleg planleggingsfase utan fastsett oppstart og/eller tiltakshavar.

Kvifor melde inn?

Om ein tenkjer å søke om tilskot gjennom spelemiddelordninga er det ein føresetnad at tiltaket er meldt inn handlingsdelen til kommunen for å vere kvalifisert til å søke.

Spesielt for idrettsbygg og -anlegg

Dei siste åra har kommunen bedt om innspel i samband med rullering av kommunen sin anleggsstrategi. Me ber om det same no, men til eit litt anna tidspunkt på året, og no med endra tittel «innspel til handlingsdel». Dette fordi Alver kommune er i prosess med kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv (KDP KIF).

Merk dykk at sist vedtekne rullering av anleggsstrategi, som er lenka til under, inneheldt ein god del anlegg som ikkje har konkrete planar for realisering, eller ein klart definert tiltakshavar. Desse anlegga vil ikkje bli vidareført inn i handlingsdelen av KDP KIF.

Handlingsdelen av KDP KIF skal berre innehalde tiltak om bygg og anlegg som anten er ferdigstilt, eller er under bygging/rehabilitering, og bygg og anlegg som har ein konkret plan for oppstart og fastsett tiltakshavar.

Den årlege rulleringa gjer også til at det ikkje er naudsynt å melde inn langtidsplanar utan fastsett oppstart/slutt, eller manglande tiltakshavar.

Siste rullering, vedtatt 16.06.2022:
Rullering - Anleggsstrategi for Alver kommune - 2020-2024 (sing.no)

Send innspel til post@alver.kommune.no og merk e-posten med "innspel handlingsdel kulturplan".

Frist for innspel er 15.12.2022

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med:


Sist oppdatert: 23.11.2022
Publisert: 22.11.2022