Kommunedelplan for oppvekst 2023-2034

Utval for oppvekst, kunnskap og kultur i Alver kommune vedtok i sak 054/22 , 04.10.2022 å leggje ut planforslag for kommunedelplan oppvekst til offentleg høyring og ettersyn.

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med prosessreglane i plan- og bygningslova Kap. 11.

Alver kommune sin kommuneplan samfunnsdel 2022-2034 legg føringar for korleis vi vil utvikle samfunnet vårt, kva vi skal satse på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å kome dit.

Kommunedelplan for oppvekst skal bidra til måloppnåinga.

Slik kan du kome med merknad:

Merknadsfrist er sett til 01.12.2022.

Når du skriv merknad er det fint om du viser til aktuelt kapittel i planen.

Merknad til planforslaget kan sendast inn på tre måtar:

1. Elektronisk skjema.

Trykk her for elektronisk skjema

2. På e-post til post@alver.kommune.no

3. Per brevpost til adresse:

  • Alver kommune,
    postboks 4
    5906 Frekhaug.

Merkast med: SAK 20/4099, Kommunedelplan oppvekst.


Sist oppdatert: 07.10.2022
Publisert: 07.10.2022