Kommunedelplan helse, sosial og omsorg 2022-2034

Utval for helse og omsorg sak 038/22 den 04.10.22 vedtok å leggje planforslag for «Kommunedelplan helse, sosial og omsorg 2022-2034» ut til høyring og offentleg ettersyn.

Planforslaget er lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med prosessreglane i plan- og bygningslova Kap. 11.

Alver kommune sin kommuneplan samfunnsdel 2022-2034 legg føringar for korleis vi vil utvikle samfunnet vårt, kva vi skal satse på, kva visjonar og mål vi har for framtida – og kva vi må gjere for å kome dit.

Kommunedelplan helse, sosial og omsorg skal bidra til måloppnåinga.

Slik kan du kome med innspel

Perioden for offentleg ettersyn er frå 07.10.2022 til 01.12.2022.

Når du skriv høyringsuttale er det fint om ein viser til aktuelt kapittel. Skriv du merknad til målformuleringar i kapittel 6 er det fint om du viser til tabellnummer.

Vi håper på mange gode innspel i høyringsperioden, som vil bidra til ein betre plan.

Høyringsuttale til planforslaget kan sendast inn via elektronisk skjema.

Trykk her for elektronisk skjema


Du kan alternativt sende høyringsuttale via e-post til post@alver.kommune.no
eller per post til adresse:

  • Alver kommune,
    postboks 4
    5906 Frekhaug.

Merk uttalen: SAK 20/5000, Kommunedelplan helse, sosial og omsorg.


Sist oppdatert: 07.10.2022
Publisert: 07.10.2022