Kunngjering – Vidareføring av sone for bandlegging i kommunedelplan for Knarvik, Alversund og Alverstraumen 2019-2031 og kommunedelplan for Lindås 2019-2031
I tråd med plan og bygningslova § 11-8 ledd d, i kommunedelplan for Knarvik. Alversund og Alverstraumen (2019-2031) og kommunedelplan for Lindås (2019-2031) vidareførast sone for bandlegging H710) til trase i kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen er valt. Alver kommunestyre vedtok vidareføring av sona med vedtakspunkt KO-196/23, 22. februar 2024 med følgjande vedtakspunkt:
Kommunestyre gjev sin tilslutning til vedtak av forlenging av bandleggingssona (H710) jf. pbI § 11-8 ledd D I kommunedelplan Knarvik, Alversund og Alverstraumen 2019-2031 og kommunedelplan for Lindås 2019-2031 til trase i kommunedelplan for E39 Flatøy - Eikefettunnelen er valt.
Statsforvaltaren i Vestland har handsama søknaden for endeleg vurdering med følgjande vedtak:
Statsforvaltaren godkjenner forlenging av bandleggingssona for framtidig trasé for E39 mellom Flatøy og Eikefettunnelen (H710) jf. pbl § 11-8 ledd d, i kommunedelplan for Knarvik, Alversund og Alverstraumen 2019-2031 og kommunedelplan for Lindås 2019-2031. Bandlegginga gjeld til 15.10.2027.
Grunngjevinga er at det er eit omfattande planarbeid og kommunen kan ikkje lastast for at kommunedelplanen for E39 Flatøy-Eikefettunnelen ikkje er vedtatt innan dei fire åra bandleggingssona i utgangspunktet gjeld. Planen skal også ut på offentleg ettersyn om kort tid. Vi vurderer at det er gode samfunnsmessige grunnar til å forlenge bandlengingssona. Vårt vedtak kan påklagast til Kommunal- og distriktsdepartementet innan tre veker frå mottak av dette brevet.
Bandleggingssona er formelt vidareført fram til 15.10.2027 eller til kommunedelplanen for E39 Flatøy-Eikefettunnelen er formelt vedteken. Kommunedelplanen for E39 Flatøy-Eikefettunnelen skal på høyring og offentleg ettersyn med høyringsfrist 03. juni 2024.
Slik kan du klage
Vedtaket kan påklagast med tre vekers frist frå kunngjeringa. Frist for å klage på vedtaket er 30.04.24. Ein eventuell klage skal sendast til Statsforvaltaren i Vestland. Epost: sfvlpost@statsforvalteren.no