Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Birkelundstunet
Hovudføremålet med planframlegget er å leggje til rette for bustadar i området. Området er på om lag 3,3 daa, og er lokalisert rett nord for Seim skule, omtrent 10 km frå Knarvik. Planen legg til rette for 12 bueiningar fordelt på tre bygningar.
Planframlegger omfattar følgjande dokument:
- Birkelundstunet_Plankart_16.06.22
- Birkelundstunet_Føresegner_10.10.22
- Birkelundstunet_Planomtale_18.11.22
- Birkelundstunet_Risiko og sårbarhetsanalyse_12.10.22
- Birkelundstunet_Illustrasjonsplan_11.05.22
- Birkelundstunet_MUA_Plan_11.05.22
- Birkelundstunet_Terrengsnitt og vegprofil_04.03.21
- Birkelundstunet_NOTAT_ Vurdering Fuglevikvegen_16.06.22
- Birkelundstunet_Støyvurdering_10.02.2022
- Birkelundstunet_Rammeplan for VArevB2 med kartvedlegg
- Birkelundstunet_Merknadsskjema_12.10.22
- Birkelundstunet_Oppstartsmelding med vedlegg
- Birkelundstunet_Innspel til oppstartsmelding
- Birkelundstunet_Statsforvalteren_Dispensasjon fra vernereglar
- Birkelundstunet_Samla uttaler frå offentleg ettersyn 2
- Birkelundstunet_Saksframlegg med vedtak 1.ghs_010921
- Birkelundstunet_Saksframlegg med vedtak 2.ghs_151222
Om klage og verknad av plan
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er tre veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut.
Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
- Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning, postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
- som e- post til: post@alver.kommune.no
Klagefrist er sett til 13.01.2023
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan tre år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.