Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for fylkesveg 564 Fløksand-Vikebø

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med Alver kommune utarbeidd detaljreguleringsplan med konsekvensutgreiing for deler av fylkesveg 564 Rosslandsvegen. Prosjektet omfattar regulering av om lag 4 km fylkesveg med parallell gang- og sykkelveg frå Fløksand til Vikebø på Holsnøy. Prosjektet er knytt til Nordhordlandspakken, og er nr. 4A på lista over prioriterte prosjekt.

Saka har plan-ID 1256 2016 0010.

Planframlegget omfattar følgjande dokument: 

Klage og verknad av planen

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Kommunestyrets vedtak kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut.

Har du ein klage, kan du sende han skriftleg:

  • Som brev til Alver kommune v/planforvaltning, postboks 4, 5906 Frekhaug
  • Som e-post til post@alver.kommune.no

Klagefrist

Klagefristen er 24. september 2022.

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.

 


Sist oppdatert: 02.09.2022
Publisert: 02.09.2022