HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedteke reguleringsplan

Kunngjering av vedteke reguleringsplan

Bakgrunn

Hovudføremålet med planframlegget er å regulere ny gang- og sykkelveg på strekninga. Reguleringsplanen legg vidare opp til generell utbetring av trafikktryggleik i området gjennom å sikre areal til forsterka midtoppmerking på E39 og utbetring av kryss og avkøyrsler langs strekket.

Saksdokument:

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Planomtale, datert 21.05.21
Føresegner, datert 21.05.21
Plankart, datert 22.01.21
Merknadsskjema
Konsekvensutgreiing kulturarv
6  Konsekvensutgreiing naturmangfald
Kulturminnerapport
8a Geologisk rapport
8b Geologisk rapport vedlegg
Miljøgeologi
10 Geoteknikk
11 Støyvurdering
12 Tekniske vegteikningar
13a VA-rammeplan
13b VA-rammeplan G001
13c VA-rammeplan G002
13d VA-rammeplan G003
14 PMU-vedtak
15 KO Planvedtak


Slik kan du kome med innspel:

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

Alver kommune
Plan v/Arealforvaltning
postboks 4
5906 Frekhaug,

eller som e- post til post@alver.kommune.no


Klagefrist er sett til 14.08.2021

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 01.07.2021
Publisert: 01.07.2021