HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Fv.57 med gang og sykkelveg Lindås tettstad - Mongstad

Kunngjering av vedteken detaljreguleringsplan for Fv.57 med gang og sykkelveg Lindås tettstad - Mongstad

I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 07.04.2022, sak KO- 038/22, vedteke følgjande reguleringsplan:

Detaljregulering for Fv. 57 med gang og sykkelveg Lindås tettstad – Mongstad, PlanId. 1263 201407

Hovudformålet med planframlegget er å fastsette areal til plassering og utforming/utbetring av eksisterande fylkesveg frå Lindås tettstad til Mongstad med vegstandard og dimensjonerings klasse U-H4 standard, og etablering av ny gang- og sykkelveg. Køyrevegen blir utbetra med utviding og utretting av veglina fleire plassar. Avkøyrsler blir sanert, vegkryss og kulvert utbetra, og nye kryssingar blir etablert for gåande/syklande.

Langs heile strekket er det satt av areal for midlertidig rigg og anleggsbelte som sikrar gjennomføring av prosjektet.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

Vedlegg 1 - Planskildring

Vedlegg 2 - Føresegner

Vedlegg 3 - Plankart 1-14

Vedlegg 4 - Støyrapport

Vedlegg 5 - Fagrapport - Naturmiljø

Vedlegg 6 - Fagrapport Økosystem i ferskvatn

Vedlegg 7 - Fagrapport Marinkartlegging

Vedlegg 8 - Fagrapport Naturressursar

Vedlegg 9 - Fagrapport Kulturminner og kulturmiljø

Vedlegg 10 - Rapport – Nærmiljø og friluftsliv

Vedlegg 11 - Geoteknisk rapport Statens vegvesen

Vedlegg 12 - Ingeniørgeologisk rapport

Vedlegg 13 - Rigg og marksikringsplan

Vedlegg 14 - Faseplaner

Vedlegg 15 - Notat – Sidevurdering Gang- og sykkelveg

Vedlegg 16 - Notat innspel byggeplanfasen

Vedlegg 17 - Støysonekart

Vedlegg 18 - Plan og profilteikningar

Vedlegg 19 - Profilteikningar

Vedlegg 20 - Normalprofil

Vedlegg 21 - Landskapsplan

Vedlegg 22 - VA plan

Vedlegg 23 - Samlefil innkomne merknader 2.gongs offentleg ettersyn

Vedlegg 24 - Merknadsskjema og endringsskjema – 2 gongs offentleg ettersyn 20.08.2021

Vedlegg 25 - VA  rammeplan

Vedlegg 26 - ROS-analyse

Vedlegg 27 -  Presentasjonsmodell

Vedlegg 28 - Begrunning for linjeføring ved Hellestveit

Vedlegg 29 - Vurdering av merknader etter 2. gongshandsaming

Vedlegg 30 - Saksframlegg 1. gongshandsaming

Vedlegg 31 - Saksframlegg 2. gongshandsaming

Vedlegg 32 - Saksframlegg 3. gongshandsaming – vedtak av plan

 

OM KLAGE OG VERKNAD AV PLAN

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning , postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no

 

Klagefrist er sett til 14.05.2022

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 22.04.2022
Publisert: 22.04.2022