Kunngjering oppdrettssaker - Mongstad

Anlegget skal lokaliserast i det etablerte industriområde på Mongstad på sørsia av Fensfjorden, innanfor område regulert til akvakultur. Prosjektet skal utbyggjast trinnvis der ein startar med produksjon av 10 200 tonn matfisk. Anlegget skal utviklast vidare i 4 trinn til ein samla produksjon av matfisk på totalt 42 000 tonn. Det skal i tillegg etableres et smoltanlegg som tar smolten fram til 90 gram.

Det er ei målsetting og plan om å knyte anlegget til fjernvarme, biogassanlegg for håndtering av fiskeavfall og hydrogen-/oksygenproduksjon frå eksisterende og ny planlagt industriverksemd. Ein kan slik oppnå ein unik industriell symbiose av samlokaliseringa på Mongstad.

Søknaden vert vurdert av sentrale myndigheiter som Mattilsynet, Statsforvalteren og Vestland fylke. 

Kvar for seg gjer desse vurderingar og fattar naudsynte vedtak som mellom anna gjeld drift og løyve til utslepp.

Søknaden med dokumentasjon er utlagt til offentleg gjennomsyn i 5 veker hos innbyggjarservice på Knarvik senter, kommunehuset på Frekhaug og her på Alver kommune sine heimesider.

 

Søknaden omfattar følgjande dokument:

Har du innspel?

Innbyggarar og interesseorganisasjonar kan og gje uttale til søknaden. Frist for uttale er 2. desember 2022. Innspel og merknader sendast til Alver kommune og merkast med saksnummer 22/6179 - Mongstad. Alle innkomne merknader vert samla av kommunen og sendt over til Fylkeskommunen for videre handsaming.

Kontaktperson for ABP Aqua Mongstad AS:

Christoffer Sandal
E-post: Sandal@abpre.no
Tlf: 90 93 05 08

Eventuelle innspel og merknader sendast:

Alver kommune,
Pb. 4,
5906 Frekhaug,

eller til post@alver.kommune.no, innan 02.12.2022.


Sist oppdatert: 04.11.2022
Publisert: 04.11.2022