Kunngjering oppdrettssaker, Skjelanger

Bakgrunn:

Søknaden gjeld nyetablering av akvakulturanlegg med MTB på 3900 for Blom fiskeoppdrett AS. Området ligg i Mangerfjorden ved Skjelanger nord for Holsnøy. Plasseringa av anlegget er i tråd med gjeldande arealplan for Alver kommune (kommunedelplan Meland). Det aktuelle området er lagt ut til kombinasjonsføremål som inkluderer akvakultur.

Søknaden vert vurdert av sentrale myndigheiter (Mattilsynet, Statsforvalteren, Kystverket, NVE og Fiskeridirektoratet) som kvar for seg gjer vurderingar og fattar naudsynte vedtak som mellom anna gjeld drift og løyve til utslepp. Vestland fylkeskommune gjer ei samla vurdering og fattar endeleg vedtak i saka.

Saksdokument:

  1. Bestemmelser 16.10
  2. Blom fiskeoppdrett - strategi
  3. Blom fiskeoppdrett - kvalitetshåndboka
  4. Notat, KU-vurdering Skjelander Stim as
  5. Posisjoner
  6. Prosedyrer, risikovurderinger, beredskapsplaner
  7. Sjøkart Skjelanger
  8. STIM miljørapport forundersøkelser 1
  9. STIM miljørapport forundersøkelser 2
  10. STIM miljørapport B-undersøkelser
  11. Strøm
  12. Strømmåler
  13. Tillatelse til akvakultur i flytende eller landbasert anlegg
  14. Utsnitt arealplan Skjelanger
  15. VLFK brev Alver kommune
  16. Beredskapsplan sykdom og massedød
  17. Beredskapsplan ved forurensning
  18. Beredskapsplan ved mistanke om rømming
  19. Beredskapsplan alger og maneter

Slik kjem du med innspel:

Søknaden med dokumentasjon er utlagt til offentleg gjennomsyn i 5 veker hos innbyggjarservice på Knarvik senter og kommunehuset på Frekhaug.

Innbyggarar og interesseorganisasjonar kan og gje uttale til søknaden.

Ny frist for uttale er 07.02.2022.

Innspel og merknader sendast til Alver kommune og merkast med saksnummer 21/10319 - Skjelanger. Alle innkomne marknader vert samla av kommunen og sendt over til Fylkeskommunen for videre handsaming.

Kontaktperson for Blom fiskeoppdrett AS:

Martin Blom martin.blom@blomsea.no, Telefon: 95 24 05 13

Eventuelle innspel og merknader sendast:

Alver kommune,
Pb. 4,
5906 Frekhaug,

eller til post@alver.kommune.no innan 07.2.2022.


Sist oppdatert: 04.02.2022
Publisert: 20.12.2021