HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarKunngjering av reguleringsplan for Fossesjøen

Kunngjering av reguleringsplan for Fossesjøen

Detaljreguleringsplanen har planId 1256 2015 0004

Hovudføremålet med planframlegget er å leggje til rette for bustadar i området. Området er på om lag 141 daa og omfattar eit område ca 1,5 km nord for Frekhaug, og ca. 3 km søraust for Knarvik. Planen legg til rette for 164 nye bustadeiningar, fordelt på rekkjehus og leilegheter i blokker.

Planframlegget omfattar følgjande dokument:

 

  1. Plankart_Fossesjøen_06.04.2022_A1
  2. Planføresegner_Fossesjøen_12.04.22
  3. Planskildring Fossesjøen_2022
  4. 2D illustrasjonsplan_Fossesjøen_06.04.2022
  5. Snitt_Fossesjøen_12.02.2019_A2
  6. Fotomontasje_3Dillustrasjoner_SolSkygge
  7. Landskapsanalyse_Fossesjøen_21.12.2018
  8. Skredfarevurdering_Fossesjøen_Datert 18.01.18, sist revidert 19.11.2018
  9. Eksternstøyvurdering_Fossesjøen_23.11.2018
  10. Vurdering av endring i støynivå på grunn av økt trafikk_Fossesjøen_08.12.2020
  11. VA-rammeplan Fossesjøen Meland_Notat_Rev C
  12. VA-rammeplan_70325 V731.10.001_Rev C
  13. VA-rammeplan_70325 V731.10.002
  14. VA-rammeplan_70325 V731.10.003_Rev A
  15. Merknadar samanstilt
  16. Merknadsskjema offentlig ettersyn Fossesjøen_5.04.22
  17. Merknadskart offentlig ettersyn Fossesjøen
  18. Trekking av motsegn for detaljregulering for Fossesjøen_Samanstilt
  19. Saksframlegg 1. gongs handsaming - Reguleringsplan for Fossesjøen
  20. Saksframlegg vedtak av plan – Reguleringsplan for Fossesjøen

Om klage og verknad av plan:

Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Vedtaket kan klagast på til kommunen, jf. fvl. §§ 28-36. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke, med mindre anna frist er oppgitt. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut.

Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:

  • Alver kommune, Plan v/Arealforvaltning, postboks 4, 5906 Frekhaug, eller
  • som e- post til post@alver.kommune.no


Klagefrist er sett til 24.06.2022

Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2 og 3.


Sist oppdatert: 01.06.2022
Publisert: 31.05.2022