Ny sjanse til å kome med innspel til barnehage- og skulebruksplan
Utval for levekår vedtok den 18. juni å sende i sak 35/24 barnehage- og skulebruksplan på 2. gongs høyring og offentleg ettersyn.
Høyringsfrist er 15. september. Merknadane må vere skriftlege og sendast til:
- post@alver.kommune.no
- Eller som brev til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug
Aktuelle vedlegg
Kva skjer etter høyringsfristen?
- 24. september: Kommunedirektøren sender si innstilling til levekårsutvalet.
- 15. oktober: Levekårsutvalet sender si innstilling til formannskapet.
- 17. oktober: Formannskapet sender si innstilling til kommunestyret.
- 24. oktober: Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak
Sist oppdatert:
20.06.2024
Publisert:
20.06.2024