HeimPolitikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarOppheving av reguleringsplan for Nappane - Offentleg ettersyn og høyring

Oppheving av reguleringsplan for Nappane - Offentleg ettersyn og høyring

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 har Utval for areal, plan og miljø i møte 09.06.2021, sak 081/21, fatta vedtak om å legge framlegg om Oppheving av reguleringsplanen for Nappane, gbnr. 129/5, plan-id 1263-19012007 ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn:

Bakgrunnen for opphevinga er at reguleringsplanen ikkje vart realisert innanfor planperioden til arealdelen til kommuneplanen for Lindås 2011-2023, at realiseringa har vore vurdert som lite realistisk på grunn av utfordringar knytt til veg, vatn og avløp, og at reguleringsplanen ikkje er i tråd med dagens standard og krav. Det er heller ikkje lenger mogleg å bygge ut etter planen i tråd med kommunedelplanen for Lindås, og ei oppheving av planen vil opne opp for moglegheita for å etablere småbåtanlegg i Nappevika.

Oppheving av planframlegget omfattar følgjande dokument:

  1.  Saksframlegg med vedtak
  2.  Føresegner
  3.  Plankart
  4.  Planskildring – NB! Ikkje oppdatert i tråd med vedteken plan
  5.  Varsel om oppheving av reguleringsplan
  6.  Utbyggingsavtale
  7.  Merknad frå Statens vegvesen
  8.  Merknad frå Fiskeridirektoratet
  9.  Merknad frå Nappane Båtlag
  10.  Merknad frå Advokatfirmaet Schjødt AS på vegne av Lindås  Hyttegrend
  11.  Merknad frå Trond Tystad

Har du innspel?

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 16.06.2021 – 25.08.2021

Pga. sommarferie er merknadsfristen utvida med 4 veker.

Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen. For å kome med merknad kan ein enten nytte kommunen sitt elektroniske høyringsskjema:

Trykk her for elektronisk høyringsskjema

eller ein kan sende e-post til post@alver.kommune.no

eller sende brev til:

Alver kommune
Postboks 4
5906 Frekhaug

Merknaden stilast til Plan v/Arealforvaltning.

Merknadsfrist er sett til 25.08.2021


Sist oppdatert: 17.06.2021
Publisert: 16.06.2021