HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarPlan for friluftslivets ferdselsårer på høyring

Plan for friluftslivets ferdselsårer på høyring

Regjeringa initierte i Handlingsplan for friluftsliv frå 2018 det fleirårige prosjektet Friluftslivets ferdselsårer. Målet dette med prosjektet er å fremja planlegging, opparbeiding, skilting og merking av samanhengande nettverk av turstiar. Det vart også utarbeida ein rettleiar som skal leggjast til grunn for kommunane sitt arbeid med plan for friluftlivets ferdselsårer.

Trykk her for å sjå rettleiar 

Plan for friluftslivets ferdselsårer i Alver kommune er ein temaplan som gjev oversikt over viktige ferdselsårer for friluftslivet i kommunen. Ein temaplan er ikkje juridisk bindande, men planen er ein del av kunnskapsgrunnlaget som skal vera med på å sikra areal for friluftslivet i samband med byggesaker og arealplanlegging, og den skal peika ut strategiar for arbeidet med friluftslivets ferdselsårer i planperioden. 

Storleiken på kommunen og det høge talet på ferdselsårer gjer at det var naudsynt å avgrensa planarbeidet. I denne planen var det avgjerande å få kartlagd dei stiane og turvegane som har høgast bruksfrekvens, mest slitasje og størst tilretteleggingsbehov. For å få med desse ferdselsårene vart planarbeidet avgrensa til å omhandla stiar og turvegar kring skulestader (og dermed også kommunesenteret, lokalsentra og nærsentera). I tillegg er turstiar og -vegar som er vurderte å ha regional verdi eller interesse tatt med i kartlegginga (sjå planutkastet kap 1.2 punkt 3 for definisjon av desse omgrepa). Kartlegging av turstiar og -vegar i resten av kommunen er tatt med som eit tiltak i handlingsdelen (jf kapittel 5.2 punkt 1).

Det er både ynskjeleg og naudsynt med meir kunnskap også om ferdselsårer på vatn og på sjø. Desse ferdselsårene er likevel ikkje tatt med i denne planen, men vert foreslått kartlagt i ein eigen prosess. 

Planutkastet med vedlegg

Plan for friluftslivets ferdselsårer i Alver kommune - høyringsutkast
Kart 1
Kart 2
Kart 3
Kart 4
Kart 5
Kart 6
Kart 7
Kart 8
Kart 9
Kart 10
Kart 11
Kart 12
Kart 13
Kart 14
Kart 15
Kart 16
Kart 17
Kart 18
Kart 19
Kart 20
Kartlagde ferdselsårer

Alle kartlagde ferdselsårer er også lagt ut på Nordhordlandskart

Trykk her for å sjå på www.nordhordlandskart.no/apps/map/alverturogfriluft

Innspel?

Innspel til planen kan sendast Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug eller på e-post post@alver.kommune.no. Merk innspelet med Høyringsuttale til Plan for friluftslivets ferdselsårer. 

Det vil verta arrangert høyringsmøte i andre halvdel av august. Dato vert kunngjort seinare. 

Kontakt

 


Sist oppdatert: 03.10.2022
Publisert: 13.06.2022