HjemInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarPlanforslag for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023-2035 på høyring

Planforslag for kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv 2023-2035 på høyring

Planforslaget har fått tittelen «Kultur som drivkraft» og gjeld det breie kulturområdet. Planen tek utgangspunkt i kommuneplanen sin samfunnsdel, som legg fram breie ambisjonar for kulturfeltet dei neste 12 åra.

Planforslaget skal gi overordna retning og oppdrag for 12-årsperioden, og konkretisere korleis vi skal følgje opp desse gjennom handlingsprogram og underordna arbeidsstrategiar.

Planforslaget er knytt til temaplan for friluftslivets ferdselsårer, inkludert ro- og padledel, og arbeidet med kulturmiljøplan for Alver som går fram til 2024.

Planen skal òg gje føringar for kommuneplanen sin arealdel. Innspel, kunnskap og tiltak som kan ha arealmessige behov og/eller konsekvensar, skal derfor òg vurderast i samband med utarbeidinga av arealdelen.

Det er tre dokument på høyring

PS: Skriv du ut på eigen skrivar? Hugs å tilpass dokumentet til sida og vel liggande format.

Planforslaget er også tilgjengeleg i utskriven versjon på mellom anna bibliotek, idrettsanlegg og innbyggjarservice i kommunen. 

Slik kan du komme med innspel

Du kan gi dine innspel digitalt, per post eller gjennom innspels- og dialogmøter. Frist for innspel er 11. april. 

Eller merk innspela med «Høyringsinnspel kommunedelplan kultur, idrett og friluftsliv» og send:

  • E-post til: post@alver.kommune.no
  • Post til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug

Du kan også levere innspel til innbyggjarservice i Knarvik senter. 

Vi arrangerer opne innspels- og dialogmøte om planarbeidet: 

  • 20. mars, kl 17 - 19: Ostereidet, gymsalen 
  • 21. mars, kl 17 - 19: Kommunehuset på Frekhaug
  • 22. mars, kl 17 - 19: Knarvik bibliotek 
  • 23. mars, kl 17 - 19: Kommunehuset på Manger
  • 27. mars, kl 17 - 19: Lindåshallen, ungdomsklubben

Har du spørsmål? 

Kontaktperson er:


Sist oppdatert: 13.03.2023
Publisert: 22.02.2023