HeimInnsyn, politikk og høyringarHøyringar og kunngjeringarTemaplan: Strategisk næringsplan - kunngjering, offentleg høyring og ettersyn

Temaplan: Strategisk næringsplan - kunngjering, offentleg høyring og ettersyn

Næringsplanen skal tydeleggjere næringspolitikken og har konkrete innsatsområde og tiltak for dei to neste åra.

Utval for næringsutvikling og drift vedtok i møte 07.12.2022, sak 053/22, å leggje ut planforslag for Strategisk næringsplan til offentleg høyring og ettersyn.

Planforslaget er utarbeidd i det digitale plansystemet Framsikt. Høyringsversjon og endeleg plan vil vera ein digital plan i Framsikt.

Trykk her for å sjå planforslaget digitgalt

Trykk her om du ønskjer å opne planforslaget som pdf-fil

Planforslaget er også tilgjengeleg i utskriven versjon på innbyggjarservice i Knarvik og på Frekhaug og Manger.

Frist for å sende inn skriftleg merknad er 20. februar 2023.

Du kan sende inn merknad på følgjande måtar:

  1. Trykk her for digitalt skjema
  2. På e-post til post@alver.kommune.no Merk e-posten med Strategisk næringsplan – sak 22/6949
  3. Ved post til Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug.

Alle merknader blir handsama administrativt, og vert med som del av den politiske slutthandsaminga av Strategisk næringsplan.


Sist oppdatert: 21.12.2022
Publisert: 21.12.2022