Renovasjon for hushald
Bossdunkar
Når du flyttar til ein ny bustad, har du sjølv ansvar for å skaffe dei bossdunkane som du treng til ditt avfall. NGIR har tre avfallsdunkar som standard:
- ein til bioavfall (140 l)
- ein til papir og papp (140 l)
- ein til restavfallet (140 l)
Dersom du treng større dunk for restavfall og papir, kan du bestille det hos NGIR. For plastemballasje får du utdelt blanke plastsekker som du set ut ved sida av papirdunken din. Dersom du ønskjer å kompostere matavfallet, kan du inngå avtale om heimekompostering.
Kva kostar det?
Renovasjon for hushald
Gebyr per år per husstand | Pris |
Renovasjonsgebyr bustad (140 liter) | kr 5400,- |
Tillegg for stor restavfallsdunk (240 liter) | kr 420,- |
Rabatt for restavfallslevering kvar 4. veke | kr 420,- |
Rabatt for heimekompostering | kr 540,- |
Prisar slam
Årleg gebyr for septikslam er 1260 kroner kvart 2. år.
Tømmekalender
Skriv du inn adressa di i adressefeltet (på framsida på www.ngir.no) vil du få opp all informasjon som er relevant for deg og din eigedom. Mellom anna når (dag) og kva fraksjon som vert henta hjå deg.
På ngir.no/tommekalender kan man lese om tømmekalender og push-varsel med appen MiljøID.
Sorteringsguide
Har du bygd eller kjøpt hus, flytta inn i sameige/burettslag, eller selt bustaden din?
Flytta inn i heilt nytt hus?
Når bustaden din er klar for innflytting, får renovasjonsselskapet ein såkalla attest frå kommunen. Faktura blir automatisk send til tinglyst eigar. Du er sjølv ansvarleg for å bestille bossdunkane.
Trykk her for å gå til meldeskjemaet på NGIR sine heimesider
Kjøpt hus?
Har du kjøpt ein bustad som allereie har renovasjonsordning og bossdunkar, overtar du automatisk desse. Dersom du ønskjer å gjere endringar, anten å få større dunkar eller annan frekvens på tømminga, må du fylle ut skjema om endring av renovasjon og sende dette til NGIR.
Trykk her for å gå til meldeskjemaet på NGIR sine heimesider
Flytta inn i sameige/burettslag?
I sameige og burettslag er ofte fellesløysingar for avfall brukte. Flytter du inn i ein slik bustad, får du informasjon om avfallsordninga hos eigar.
Selt bustaden din?
Når du sel eigedommen din, får NGIR varsel frå eigedomsregisteret om eigarskifte når salet er tinglyst. Dunkane følgjer eigedommen, slik at ny eigar overtar dine dunkar og di renovasjonsordning. Dersom den nye eigaren ønskjer å gjere endringar, må han melde dette til oss.
Kontakt
- Hushaldskundar: Ring 56 34 33 33 eller send e-post til mineigedom@ngir.no
- Næringskundar: Ting 56 34 33 10 eller send e-post til post@ngir.no