Avløpshandtering

Kommunen si avløpshandtering

I Alver om lag halvparten av bustadane i kommunen knytt til det kommunale avløpsanlegget.  Resten har anten eit privat anlegg eller er knytt til eit privat fellesanlegg.
Kommunen skal sørge for at avløpsvatnet frå alle eigedomar, som er knytt til det kommunale avløpsnettet, vert leda vekk på ein trygg måte.
Kommunen er «forureiningsmynde» og har ansvar for tilsyn på:

  • Alle avløpsanlegg som slepp ut mindre enn 50 pe (sjå ordforklaring under)
  • Utslepp av avløpsvatn frå tettstadar med samla utslepp på mindre enn 2.000 pe til ferskvatn/elvemunning og mindre enn 10.000 pr til sjø
  • Utslepp av oljehaldig avløpsvatn
  • Påslepp til offentleg avløpsnett

PE er ei forkorting for personekvivalent. Nemninga vert brukt for å finne ut kor mykje avløp som vert generert i eit område. Enkelt sagt er ein pe lik utsleppet som ein person i husstanden generer. I snitt reknar ein at kvar husstand tilsvarar 2,5 pe.
Ei rekkje lovar og reglar er førande for kommunen sitt arbeid med avløpshandtering. Desse er skildra i kommunen sine planar. Hovedplan og temaplaner. Planen er politisk godkjent, og seier kva avdelinga Teknisk drift VA skal prioritere i planperioden.

Råd for å unngå overfløyming

Når det regnar som verst, kan tette slukar og rister føre til overfløyming på eigedomen din.

Følg desse råda, når du veit at uveret er på veg og det er fare for mykje nedbør og flom:

  • Sjekk slukane og ristene på eigedomen din. Sørg for at dei er opne, slik at vatnet får fritt leide.
  • Meld ifrå til kommunen om ein bekk i nærområdet ditt er demma opp av hageavfall eller anna – slik at kommunen kan fjerne det som stenger for vatnet.
  • Fryktar du at vatnet kjem inn i kjellaren eller garasjen din? Løft tinga dine opp frå golvet. Sett ting i hyller, reolar og plastboksar som tåler vatn.
  • Er du på reise? Avtal med naboar og venner, som kan følgje med og ta i eit tak om det er trong for det.
  • Vert du ramma av overfløyming, og treng hjelp til å pumpe ut vatn? Ta kontakt med brannvesenet. 
Private avløpsleidningar

Eig du ein eigedom, er du ansvarleg for vedlikehald og utbetring av eventuelle feil og lekkasjar på delen av avløpsleidningen som ligg inne på eigedomen din.

Kvar eigar er med andre ord ansvarleg for sin avløpsleidning eller stikkleidning.

Ein stikkleidning er røret frå huset ditt til den kommunale hovudleidningen. Alle slike rør må leggast og haldast ved like av eit godkjent føretak. Her gjeld reglane i «KS Tekniske/Administrative bestemmelsar».

Felles private avløpsleidningar

Når fleire bustader er kopla til ein felles privat avløpsleidning, er du normalt ansvarleg for leidningen fram til forgreiningspunktet inn til eigedomen din. Røret frå fellesleidningen og inn til huset ditt er privat og berre ditt ansvar.

Det er viktig å skriftleggjere avtalen om kven som har ansvar for kva på ein felles privat avløpsleidning. Spør etter gjeldande avtale for ditt nabolag om du overtar eit hus eller byggjer nytt og koplar deg til eit felles privat anlegg.

Nytt tilsynsgebyr for private avløpsanlegg

Er bustaden din kobla til eit privat avløpsanlegg vil du i frå 2022 få eit tilsynsgebyr på 160 kr i året. Dette er ein oppfølging av nytt geybregulativ vedtatt i kommunestyret den 16.12.2021. Gebyret skal dekke kommunen sine kostnader med tilsyn av private avløpsanlegg, og er eit ledd i kommunens arbeid for betre miljø og mindre forureining i nærområda.

Tips til deg som byggjer nytt

Hovudregelen er at det minst skal vere fire meter mellom den kommunale avløpsleidningen og huset ditt eller andre konstruksjonar (f. eks. ein mur).

Du må aldri byggje garasje eller andre bygg over ein stikkleidning.

Det er viktig at kumlokk er tilgjengelig for vedlikehald.

Ligg delar av stikkleidningen din over naboeigedomen, må du skriftleggjere og tinglyse ein avtale på eigedomen din. Det same gjeld om stikkleidningen er felles for fleire eigedomar.

Har du spørsmål om private stikkleidningar? Ring innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00, og spør etter ein tilsett på vatn- og avløpsavdelinga.

Rettleiing om sanitærinstallasjonar

Vatn- og avlaupsavdelinga gir også rettleiing om sanitærinstallasjonar.

Vi kan svare på spørsmål i samband med kjøp eller sal av eigedomar, og gi råd når det kan vere snakk om arbeid som er i strid med gjeldande reglar.

Vatn- og avløpsavdelinga gir også råd til deg som har problem med sanitæranlegget i bustaden din. Vanlege spørsmål er:

  • Kva bør eg gjere?
  • Kven kan eg kontakte for hjelp?

Vi kan ikkje svare på spørsmål om pris, eller kome heim til deg og vurdere tilstanden på anlegget ditt.

Leidningskart

Vatn- og avlaupsavdelinga har ein digital leidningskartbase. Denne skildrar først og fremst dei kommunale anlegga, men private leidningar vert også lagt inn her når vi får sluttdokumentasjon frå røyrleggjarbedrifter som har utført arbeid for private.

Før du set i gong gravearbeid, er det viktig å vite kva som eventuelt ligg i bakken hos deg! Ta kontakt med oss med du startar arbeidet. Vi leverer kart til konsulentar, røyrleggjarfirma, privatfirma og dei som elles har trong for eit slikt kart – heilt utan ekstra kostnad. Vi kan skrive ut eit kart på eit papir til deg, eller sende det på e-post som ei pdf-, sosi- eller dxf-fil.

Treng du opplysningar om VA-anlegg?

Vi kan både skrive ut kart som skildrar private VA-anlegg og kommunale leidningstrasear.

Ring innbyggjarservice på telefon 56 37 50 00, og spør etter ein tilsett på vatn- og avløpsavdelinga, eller send ein e-post til post@alver.kommune.no

NB – Plassering, høgde og anna informasjon om leidningar og kummer er cirka-informasjon. Kartet kan med andre ord ikkje brukast som eit juridisk bindande dokument.

Søkje om privat avløpsanlegg og utsleppsløyve

Søk om privat avløpsanlegg og utsleppsløyve her.  

Slik hindrar du kloakklukt

Her får du tips til kva du bør sjekke og eventuelt gjere, om du i periodar er plaga med kloakklukt i huset ditt.

Hugs at det er krav til vasslås på alle avløpsinstallasjonar

I det kommunale avløpsnettet kan det danne seg kloakkgassar med sterk lukt. Kravet om vasslås skal hindre at lukta kjem ut av avløpsnettet og inn i huset ditt. Enkelte gonger kan det hende at vatnet i vasslåsen fordampar eller forsvinn. Dette kan føre til at kloakklukta kjem ut i rommet, der utstyret/sluken er plassert.

Underdimensjonering eller feil montering av anlegget i huset ditt, kan også føre til at vakuum i avløpsnettet sug vatnet ut i vasslåsen. I nokre tilfelle, kan vasslåsen bli broten når reinsepluggen/stakepluggen i sluken manglar.

Sjekk om avløpsleidningane dine er tette

Utette avløpsleidningar og skjøter kan også føre til lukt. Dette er ofte vanskeleg å oppdage utan røyrinspeksjon eller røyktesting av avløpsnettet.

Hugs at det er krav til lufting over tak

For å unngå at du får lukt i huset ditt, er det krav til lufting over tak. Lufting over tak kan hindre undertrykk, som kan føre til at vatnet frå vasslåsen vert sugd ut.

Dette kan du gjere sjølv – før du tar kontakt med fagpersonar

  1. Start med å etterfylle alle vasslåsar i huset ditt med vatn.
  2. Hjelper det ikkje, rår vi deg til å ta kontakt med ein røyrleggar for ei fagleg vurdering av avløpsanlegget i huset ditt.

Har du rotter i huset ditt?

Rotter som dør og vert liggande i bygg, kan etter ei viss tid avgje ei lukt som liknar kloakklukta. Rotter kan også gnage hol i avløpsleidningar, og vere årsaka til luktproblema i huset ditt.

Tømming av septiktank

Det er kommunen sitt ansvar å sørge for tømming av slamavskiljarar, septiktankar, klaringskummer og tette tankar.

Ansvaret står skildra i forureiningslova.

Når kjem vi?

Varselet om tømming av septiktanken din kjem i form av eit brev i postkassa di. I bustader, der du eller andre bur fast, skal septiktanken tømmast kvart anna år. Septiktanken må minst verre 4 kubikk. Må tanken tømmast oftare fordi han er for liten, må den som eig eigedomen koste ekstratømminga sjølv.

Dette må du gjere før tømming

Det er ditt ansvar som eigar å sørge for at anlegget som skal tømmast er lett tilgjengeleg for tømming med bil. Er kumlokket dekka med snø, jord eller andre gjenstandar, må du rydde før tømmebilen kjem.

Kven tømmer tanken?

I Alver kommune brukar vi Johny Birkeland frå Norva 24 til tømming av private septiktankar,

Trykk her for å gå til heimesida til Norva 24. Her finn du tips og kontaktinfo til Johny Birkeland.

Skal du kople frå septiktanken din?

Å kople frå ein septiktank er meldepliktig arbeid. Skal du gjere dette, må du ta kontakt med vatn- og avløpsavdelinga i kommunen. Det er Johny Birkeland i Norva 24, som utfører arbeidet for kommunen.

Når tanken er kopla frå, må du sende ferdigmelding til kommunen. Ferdigmeldinga skal sendast til kommunen innan ei veke etter at arbeidet er utført.

Utslepp av feitthaldig avløpsvatn

Utslepp av feitt kan føre til tette leidningar og reinseanlegg, Det er difor krav til at bedrifter som lagar eller brukar næringsmiddel skal installere ein såkalla feittutskiljar.

Før du startar ei verksemd som kan tilføre feitt til leidningsnettet, må du fylle ut og sende «Registreringsskjema for feittutskiljar» til vatn- og avløpsavdelinga i kommunen.

Tømmeavtale for feittutskiljaren

I «KS Administrative/Tekniske bestemmelsar» (kapittel 3) står det kva krav Teknisk drift VA kan stille til deg.

Kommunen kan krevje at ein abonnent må installere ein feittutskiljar for eiga rekning. Verksemda må vidare inngå ein skriftleg tømmeavtale med eit tømmefirma. Sistnemne gjeld berre for anlegg som krev regelmessig tømming.

Teknisk Drift VA skal ha ein kopi av tømmeavtalen og vedlikehaldskontrakten. Avdelinga i kommunen skal også ha kopiar av tømme- og servicerapportar etter kvart som dei er klare. Verksemda må oppbevare ein driftsinstruks ved anlegget, og føre driftsjournal.

Utslepp av oljehaldig avløpsvatn

Oljeutslepp skapar problem både på leidningsnettet og på reinseanlegga. Difor er det krav til at bedrifter som har utslepp av oljehaldig avløpsvatn skal installere ein såkalla oljeutskiljar.

Kven må ha oljeutskiljar?

I Forureiningsforskrifta (kapittel 15) står det at bedrifter med vaskeplass, servicehall, smørehall og liknande må installere oljeutskiljar. Eksempel på slike verksemder er:

  • Bensinstasjonar
  • Motorverkstader
  • Bussterminalar
  • Verksteder og klargjeringssentralar for køyretøy, anleggsmaskiner, skinnegåande materiell
  • Anlegg for understellsbehandling

Slik søkjer du

Når du etablerer ei slik verksemd og søkjer kommunen og byggjeløyve, må du samstundes sende ein «søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn» til Teknisk Drift VA.

Trykk her for å finne det elektroniske skjemaet for "søknad om utslepp av oljehaldig avløpsvatn".

Sidan søknaden krev underskrift, må du skrive ut og sende skjemaet til kommunen etter at du har svart på alle spørsmåla i skjemaet. 

Send skjema til:

  • Alver kommune
    Postboks 4
    5906 Frekhaug

Hugs også at du må leggje ved kart over det aktuelle området, ein situasjonsplan, teikning av ønska olje-/bensinutskiljar, prøvetakingskum og dimensjoneringsgrunnlag for val av storleik og type.


Sist oppdatert: 13.06.2022
Publisert: 10.10.2018