HeimKoronaKoronatest og koronatelefonen

Koronatest og koronatelefonen

OBS: Det er mange som ønskjer å kome i kontakt med koronasenteret no. Treng du ein test, meld ifrå på det digitale skjemaet vårt. Det er lenger ventetid på telefon og lenger svartid på det digtiale skjemaet. 

Alle personar med symptom på covid-19 må halde seg heime og ta kontakt for test så raskt som mogleg. Dette inkluderer alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19. Vanlege symptom kan vere feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans, sår hals, nysing eller sjukdomskjensle.

Vi tilbyr ikkje test til dei som berre har litt rennande nase (endring frå 2. september 2021).

Trykk her for å lese meir om kva du skal gjere om du er sjuk eller mistenker at du er smitta.

Desse personane testar vi

Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for kven som skal testast. Det er låg terskel for å få ein test.

Trykk her for å lese FHI sine oppdaterte testkriterier.

Alver kommune tilbyr ikkje koronatest eller anistoff-test til personar som treng helseattest før utreise frå Noreg, eller fordi det er eit krav frå landet du skal reise til. Dette er ikkje dekkja av det offentlege og difor må du nytte privat helseteneste eller eigen bedriftshelseteneste.

Barn og unge kan teste seg ut av karantene

Frå 17. september kan barn og ungdom som er nærkontaktar til ein smitta person gjennomføre hurtigtest og halde fram i barnehage og skule.

Det betyr at barn og ungdom som er nærkontaktar til ein koronasmitta ikkje treng å gå i karantene, men kan halde fram i barnehage, på skule og med fritidsaktivitetar dersom dei følgjer Alver kommune si retningsline for testing av barn og unge.

Klikk her for å lese heile infoskrivet som er sendt til føresette om at barn og unge kan teste seg ut av karantene.

Desse får hurtigtest:

  • Barn i barnehage og elevar i grunnskule
    • Dersom nokon på avdelinga eller i klassen er smitta av korona, vil de få informasjon frå barnehagen/skulen om utlevering av hurtigtest til barnet/eleven. Hurtigtestar blir delt ut via barnehagen/skulen, dersom det er ein person knytt til barnehagen/skulen som er smitta.
  • Elevar ved Knarvik vidaregåande skule 
    • Ungdom ved Knarvik vidaregåande skule får tilbod om å ta sjølvtestar på skulen dersom dei er nærkontakt til ein person som er smitta av korona.

Dersom eit medlem i husstanden har testa positivt for koronavirus må heile karantenen gjennomførast som normalt, og barnet/ungdommen kan ikkje få unntak frå karantene.

Innreisekarantene må også gjennomførast i sin fulle lengde.

Her finn du rettleiing til korleis gjennomføre hurtigtest.

Slik går du fram for å teste deg i Alver

Vi har no fått på plass elektronisk skjema for kontakt med koronasenteret. Logg inn med BankId.

Trykk her for å kome til skjemaet.

Merk: Ikkje ring til koronatelefonen når du har sendt inn skjemaet. Vi sender tekstmelding til deg så snart vi har vurdert om du treng ein test eller ikkje.

Om du ikkje har høve til å nytte dette skjemaet, kan du ringe koronatelefonen for Alver på telefon: 56 37 59 00.

Telefonen er stengt på søndagar, men dersom du treng koronatest kan du sende inn førespurnad om dette gjennom det digitale skjemaet. Trykk her for å kome til skjemaet

Koronatelefonen er normalt open:

  • Kvardagar klokka 08.30-11:30 og 12.15-15.00.

Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng legehjelp? Ring først og avtal time med fastlege eller legevakt.

Slik testar vi

Alle som kjem inn til testsenteret må ha avtalt time. Sjølve prøvetakinga er fort gjort. Du køyrer heilt fram til døra, og ein sjukepleiar tar i mot deg. Medan du sit i bilen får du vidare instruksar. Koronatesten er ein pinne med ein bomullsdott i enden. Denne skal førast inn i svelg/nase.

Prøven blir sendt til Haukeland Universitetssjukehus for analyse. Det tar nokre dagar å analysere prøven.

Informasjonsskriv til alle som blir testa

Trykk her for å laste ned informasjonsskrivet til alle som blir testa for koronavirus i Alver kommune.

Logg deg inn på Helsenorge og finn prøvesvaret

Ikkje ring koronatelefonen om du berre ventar på prøvesvar!

Viss du har blitt testa for covid-19 vil du finne resultatet av prøven på sida Min helse på Helsenorge.

Lurer du på når prøvesvaret ditt er tilgjengeleg på nettsida til helsenorge.no? Frå måndag 14. desember kan du få varsel på sms når prøvesvaret er klart. Les meir om sms-varsel på Folkehelseinstituttet si nettside.

Ved positivt prøvesvar ringer vi og til deg. 

Det tar tid å få svar på prøvane, fordi det er mange som blir testa.

Vi ber om at du er tolmodig!  

Er du i, eller lurar du på om du bør vere i karantene?

Sjå råda frå Folkehelseinstituttet for heimekarantene

Sjå oppdaterte område med spreiing av koronavirus (Folkehelseinstituttet)

Trykk her for informasjonsvideo om karantene frå Folkehelseinstituttet

Press here for information on quaranteen in foreign languages

Er du pålagt isolasjon og lurar på kva reglar som gjeld?

Trykk her for informasjonsvideo frå Folkehelseinstituttet

Press here for information on isolation in foreign languages

Har du spørsmål om koronaviruset?

Meir informasjon om koronaviruset finn du her. 

Hald deg oppdatert

Alver kommune følgjer råd frå nasjonal helsestyresmakter. Vi endrar våre rutinar og tiltak når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med på nettsida til kommunen, www.fhi.no og www.helsenorge.no for siste nytt. 


Sist oppdatert: 17.09.2021
Publisert: 13.03.2020