HeimKoronaKommunale bygg, tenester og aktivitetar

Kommunale bygg, tenester og aktivitetar

Regjeringa har innført nye nasjonale tiltak frå fredag 16. april.

Trykk her for å lese om dei nye tiltaka på helsenorge.no.

Utleige av kommunale bygg

Frå 20. januar opnar vi opp igjen for innandørs organisert aktivitet for barn og unge (opp til og med 19 år). 

Kjende smitteverntiltak som god handhygiene, og vere heime om ein føler seg sjuk gjeld framleis. Sjå elles eigne særforbund sine råd gjeldande smitteverntiltak ved utøving av aktivitet.

Trykk her for å lese meir om utleige av kommunale bygg.

Kontaktpersonar ved spørsmål:

For idrett:

Anders Olav Dale
E-post: anders.olav.dale@alver.kommune.no

For korps/kor:

Sigrid Fivelstad
E-post: sigrid.fivelstad@alver.kommune.no

Innbyggjarservice er ope for publikumskontakt

Innbyggjarservice er open for publikumskontakt. Vi er tilgjengelege i Knarvik senter (2. høgda i promenaden), på Frekhaug kommunehus og Manger kommunehus. Opningstidene våre er 08.00-15.30.

Vi er også tilgjengelege på telefon. Ring oss på 56 37 50 00 om du ønskjer å komme i kontakt med Alver kommune.

NAV Alver 

NAV Alver er ope for besøk, men vi hjelper deg gjerne og på telefon eller på nett:

  • Ring 55 55 33 33 eller bruk Ditt NAV for kontakt og hjelp
  • Ring 45 83 92 43 for spørsmål om sosialhjelp - open kl. 08 – 13.30
  • Ring 41 29 30 26 for hjelp av flyktningtenesta
  • Ring 55 55 33 36 for hjelp til arbeidsgjevarar

Skal du levere post til NAV?

  • Knarvik: NAV sin postkasse i 1. etg i Kvernhushaugane 2. Norbobygget
  • Manger: Postkasse utanfor Innbyggjarservice/kommunehuset
  • Frekhaug: Postkasse utanfor rådhuset ved utgang mot Kiwi

Er du arbeidsgjevar og må permittera?

Trykk her for viktig informasjon til arbeidsgjevarar vedrørande permitteringar/oppseiingar

Barnevernet er operativt

Alver barnevernteneste er operativ.

Ønskjer du å komme i kontakt med barnevernet? Ring oss på telefonnummer
56 37 50 82, eller ta direkte kontakt med din sakshandsamar/veiledar.

Vi opprettheld akutt beredskap som normalt.

Helsestasjon for ungdom

Knarvik:

Helsestasjon for ungdom (HFU) har ope kvar onsdag i Knarvik (bygget til legevakta) frå klokka 15.30 til klokka 18.00. Vi ynskjer at du bestiller time på sms/tlf i forkant, men det er og mulig med drop-in. Hald avstand og ikkje gå inn i lokala før klokka 15.30. HFU vil tilby tenester som vanlig, men med noko redusert tilbod grunna smitteførebyggande tiltak. Vi kan også gje råd på telefon.

Timebestilling kan du gjere på telefon: 91 64 94 08

Frekhaug:

Helsestasjon for ungdom har ope for drop-in kvar tysdag frå klokka 15.00 til klokka 18.00. Hald avstand på venterommet. Om du kjem på drop- in, må du ikkje ha forkjølelsessymptom.

Helsestasjon for ungdom (HFU) er eit tilbod til ungdom mellom 13 og 23 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time. På helsestasjon for ungdom treff du helsesjukepleiar og lege (tilbod om lege er fast i Knarvik og sporadisk på Frekhaug). Dei tilsette har teieplikt.

Kva kan du få hjelp til?
  • Rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon
  • Spørsmål i samband med seksualitet
  • Snakke om ting som er vanskeleg, anten det er fysisk eller psykisk helse
  • Eteforstyrringar
  • Problem i forhold til rus
  • Rettleiing i samband med graviditet
  • Vanskar heime, på skulen, eller med vener
  • Opplevingar kring vald, overgrep og mobbing
  • Du kan ta klamydiatest og graviditetstest her
  • Ved behov for anna hjelp kan vi henvise deg vidare til andre som kan hjelpe deg

Opningstider:

  • Knarvik: onsdagar klokka 15.30 - 18.30
  • Frekhaug: tysdagar klokka 15.00 - 18.00

Kvar heldt vi til?

  • Frekhaug: Havnevegen 41, 5918 Frekhaug. (Kommunehuset på Frekhaug, inngang mot Rema 1000).
  • Knarvik: Kvassnesvegen 48, 5914 Isdalstø. (Vi held til i same bygg som Nordhordland legevakt, inngong på baksida av bygget. Sjå kart under).

Ønskjer du å komme i kontakt med forvaltningskontoret?

Forvaltningskontoret er stengt for fysiske besøk (drop- in utan avtale) så lenge påbudet om heimekontor gjeld.

Dersom det i enkeltsaker er påkravd med fysiske møter så vert dette lagt til rette for i tråd med gjeldande smittevernrutinar.

Brannvesenet er operativt

På grunn av Koronaviruset har Nordhordland brann og redning iverksett fleire førebyggjande tiltak. Den operative beredskapen fungerer som normalt.

Tiltaka du kan komme til å merke er:

  • Det blir ikkje utført tilsyn i kommunane Alver, Modalen og Austrheim grunna koronasituasjonen og omsynet til smittevern. I staden blir det gjennomført ein telefonsamtale der branntryggleik er tema.
  • All undervisning og opplæring i skule og barnehage blir utsett
  • Brannstasjonane blir stengte for publikum/besøk. Berre tilsette har tilgang

Vi arbeider kontinuerleg med proaktiv beredskapsplanlegging og nye førebyggjande tiltak som kan bli innført på kort varsel. 

Ved behov for assistanse bruk alltid nødnummer 110.  

Landbrukstenesta

Landbrukstenesta er på heimekontor så lenge tiltaka som var vidareført 20. januar gjeld, og det vil difor ikkje vere landbruksvakt i denne perioden.


Sist oppdatert: 15.04.2021
Publisert: 12.11.2020