HeimKoronaKoronavaksine

Koronavaksine

Registrer deg for vaksinasjon

For å få tildelt time til vaksinasjon må du først registrere deg i helseboka. Deretter får du ei melding når det blir din tur til å bestille time.

Her kan du registrere deg i helseboka for koronavaksine.

For å følgje det nasjonale målet om å vaksinere befolkninga raskast mogleg både med første og andre dose justerer Alver tidsintervallet mellom første og andre koronadose til 6 veker, frå veke 26.

Intervallet mellom første og andre dose kan bli endra igjen. Nedkorting av tida mellom vaksinedosane er ein del av strategien for å sikre at befolkninga blir fullvaksinert så raskt som mogeleg.

Trykk her for å lese meir om dette på regjeringen.no.

 

Status for vaksinasjon i Alver

Status 18. juni 2021

  • 9498 innbyggjarar har fått første dose, 7561 av desse er ferdigvaksinerte. Vi følgjer prioriteringslista til Folkehelseinstituttet. Vi sender sms med link til timebooking til dei som har registrert seg i Helseboka. Vi har snart gitt første dose til alle i aldersgruppa 45-54, og har starta å invitere innbyggjarar i aldersgruppene 18-24 og 40-44.
  • 837 tilsette i helsesektoren har fått første dose, 259 av desse er ferdigvaksinerte. Det betyr at vi er i mål med første dose til alt kritisk helsepersonell.
Vaksinestatistikk veke for veke
Vekenummer Innbyggjarar - dose 1 Innbyggjarar - dose 2
Veke 24 560 832
Veke 23 534 986
Veke 22 948 987
Veke 21 58 1193
Veke 20 270 880
Veke 19 474 337
Veke 18 548 455
Veke 17 726 499
Veke 16 915  
Veke 15 1080  
Veke 14 858 12
Veke 13 351 102
Veke 12 401 96
Veke 11 353 6
Veke 10 70 215
Veke 9 84 230
Veke 8 18 320
Veke 7 177 165
Veke 6 230 40
Veke 5 340 90
Veke 4 257 116
Veke 3 40  
Veke 2 88  
Veke 1 118  
Total 8938 6729
Er du student?

Dersom du er heimehøyrande i Alver og skal vere heime i sommarferien, kan du ta kontakt med oss for å få tilbod om ein eller to dosar her.

Er du student heime på sommarferie i Alver, skal du ikkje registrere deg i helseboka. Du kan i staden ringe direkte til koronasenteret på telefon 56 37 59 00 og få time til vaksinasjon.

Har du ein underliggande sjukdom?

Trykk her for å sjå Folkehelseinstituttet sin liste over risikogruppene.

Om du meiner at du er i risikogruppe 5-7 og enno ikkje har fått tilbod om koronavaksine, må du ta kontakt med fastlegen din.

Det er fastlegen som vurderer om du er i risikogruppa og melder ifrå til kommunen.

Slik registrerer du deg (for massevaksinasjon)

Alle som er født i 2003 eller tidlegare, som ikkje er i ei av risikogruppene med underliggande sjukdommar, kan registrere seg for koronavaksine.

Her kan du registrere deg for koronavaksine.

  • Vi anbefalar at du brukar nettlesaren Chrome når du skal registrere deg eller bestille time.
  • Trykk på knappen over og logg inn med din Bank-ID.
  • Vel om du ønskjer å registrere deg sjølv eller på vegner av andre.
  • Svar på enkle spørsmål om alder, yrke og helse.
  • Du får ei kvittering på skjerm og tekstmelding når du har registrert deg.
  • Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje innbyggjarane skal vaksinerast.
  • Etter kvart som vaksinane kjem inn, vil du får ei tekstmelding med lenke til timebestilling.
  • Det kan ta lang tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Treng du hjelp til å registrere deg? Ring koronasenteret på telefon 56 37 59 00.

Kva skjer etter at eg har registrert meg?

Det kan ta tid frå du registrerer deg til det blir din tur.

Når det er din tur og vi opnar opp for at du kan bestille time, får du ei tekstmelding frå det digitale systemet som du registrerte deg i. I tekstmeldinga får du beskjed om kor og korleis du bestiller time til koronavaksinasjon.

Det er diverre oppdaga forsøk på vaksinesvindel i Norge. Ver difor nøye med kven du delar helseopplysningar med og ikkje la deg lure til å betale for koronavaksinen. Vaksinen er gratis.

Slik sjekkar du om du har registrert deg
  • Trykk her for å logge inn på helseboka
  • Klikk på fanen journal og vel «registreringar og målingar»
  • Om registreringa di har gått i orden, finn du følgjande tekst på sida: «Registrert i vaksinekø: Ja»
  • Om registreringa di ikkje har gått i orden, registrer deg på nytt ved å følgje oppskrifta over.
Når er det din tur?

Det er usikkert når vi kan tilby vaksine til ulike grupper. Dette heng saman med kor mange dosar vi får kvar veke.

Det er Folkehelseinstituttet som avgjer kva rekkefølgje vi skal vaksinere ulike grupper.

Trykk her for å sjå prioriteringslista til FHI.

Sidan vi framleis berre får 1-2 veker forvarsel på leveransane til Alver, kan vi enno ikkje lage ein tidsplan som visar når det er ulike aldersgrupper sin tur.

Trykk her for å gå til FHI sitt vaksinescenario, som visar når vi ventar å kunne vaksinere dei ulike gruppene.

På vaksinasjonsdagen
  • Ta med ID-kort (bankkort, sertifikat, pass eller liknande)
  • Ta med SMS-meldinga som viser at du har fått tildelt time denne dagen.
  • Vaksinen blir sett i overarmen. Det er difor ein fordel om du har på deg klede som er lette å ta av og på. Ha gjerne på deg ei korterma skjorte eller trøye.
  • Pass på at du held avstand til dei andre som også skal vaksinere seg denne dagen og følgjer smitteverninstruksjonane både utanfor og inne i vaksinasjonslokalet.
  • Sjølve vaksinasjonen tar berre nokre få minutt, men du må rekne litt tid til registrering og observasjon etter stikket. Du bør setje av minst ein time frå du kjem til du går.
Oppmøteplass og parkering

Massevaksinasjonen skjer i Nordhordlandshallen i Knarvik. Nordhordlandshallen har adresse Juvikstølen 25. Følg skilt og parkeringsvaktar i området. 

Treng du ein parkeringsplass nært hallen, anbefalar vi at du køyrer til baksida av hallen via vegen til Knarvik vidaregåande skule eller Knarvik barneskule.

Elles kan du parkere vis a vis ungdomsskulen, ved rådhuset eller bak kyrkja og gå til hallen.

Transport til vaksinasjonshallen

Helsedirektoratet har bestemt at reise til og frå vaksinering ikkje blir dekt gjennom pasientreise-ordninga.

Dette betyr at du må sørge for transporten sjølv. Dersom du ikkje køyrer bil eller kan ta buss, spør om hjelp frå familien eller nokon du kjenner. Har du TT-kort, kan du bruke dette.

Har du ingen andre moglegheiter, ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00, så skal vi hjelpe deg.

Er du sjuk på vaksinasjonsdagen?

Hald deg heime og meld ifrå til innbyggjarservice på 56 37 50 00 om du ikkje kjem, så finner vi eit nytt tidspunkt som passar.

Trykk her for informasjon om kva du skal gjere dersom du er sjuk eller mistenkjer at du er smitta med koronavirus.

Trykk her for sjekkliste til deg som har fått tilbod om koronavaksine.

Kva kostar det?

Vaksinen er gratis.

Ikkje meldt flytting?

Kommunen har ansvar for å vaksinere dei som bur i Alver.

Vi har ikkje namn og kontaktinformasjon til dei som ikkje har meldt flytting til kommunen.

Dersom du bur her og ikkje har rekt å melde flytting, må du ta kontakt med innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på tegnspråk

Informasjon om koronavaksine på ulike språk

Trykk her for informasjon om koronavaksine på ulike språk.[SAH1] 

Kan eg få bevis på at eg har tatt vaksinen?

Trykk her for å kome til helsenorge.no der du kan logge deg inn og skrive ut ditt koronasertifikat. Sertifikatet kan visast fram digitalt, lastast ned eller printast ut. Det er og laga ei løysing for ikkje-digitale brukarar.

Følg med i våre kommunikasjonskanalar

Vi informerer om koronavaksinen i ulike kanalar, mellom anna her på nettsida, i sosiale medium, via brev/digital post, tekstmelding og media. 

Følg Alver kommune på Facebook 


Sist oppdatert: 24.06.2021
Publisert: 16.12.2020