Status på koronasituasjonen i Alver
Status i Alver kommune
Her finn du oppdatert informasjon om talet på personar som har testa positivt på covid-19. Vi oppdaterer oversikta på kvardagar klokka 12.00 dei dagane vi får melding om nye tilfelle. Dersom sida ikkje blir oppdatert, betyr det at situasjonen er uendra.
Frå 13. april starta vi med å opplyse om dei som har fått påvist koronavirus har vore i karantene på testtidspunktet. Kvifor gjer vi dette? Fordi desse har kjent smitteveg og har vore heime eller på anna eigna opphaldsstad på testtidspunktet. Det finst ulike grunnar til å vere i karantene. Du kan til dømes vere nærkontakt til ein som er smitta, bu ilag med nokon som er nærkontakt eller ha vore på reise i utlandet. Trykk her for å lese meir om karantene på Helsenorge.no.
Dato | Tal på positive prøvar | Karantene på testtidspunktet? * |
15.04.21 |
1 | Personen var i karantene på testtidspunktet |
13.04.21 |
2 | Ein av dei var i karantene på testtidspunktet |
13.03.20 - 12.04.21 |
171 | |
Totalt | 174 |
I Folkehelseinstituttet sitt meldingssystem for smittsomme sjukdomar (MSIS) er det også mogleg å følgje med på smittetala til Alver. Tilfella i MSIS er basert på folkeregistrert adresse, og kan difor vere fleire enn dei Alver kommune har i sin statistikk. Ein student som ikkje har meldt flytting frå Alver til studieplassen sin, hamnar til dømes i statistikken til Alver – sjølv om vedkommande bur og har testa seg ein annan stad i landet.
Pressemeldingar
Her finn du ei oversikt over våre pressemeldingar og vedtak om tiltak under koronavirusutbrotet.
- 15.04.21: Alver følgjer dei nasjonale tiltaka
- 14.04.21: Heimeskule for elevar på Knarvik ungdomsskule ut veka
- 14.04.21: Nærkontakt på 9. trinn på Knarvik ungdomsskule med positivt prøvesvar
- 13.04.21: Ny person har fått påvist koronavirus
- 12.04.21: Ny smitta knytt til Knarvik ungdomsskule
- 11.04.21: Positiv test ved Knarvik ungdomsskule
- 09.04.21: Nytt koronatilfelle i Alver
- 08.04.21: Nytt koronatilfelle i Alver
- 06.04.21: Sju nye koronatilfelle i påska
- 31.03.21 Alver får nær 2000 vaksinedosar dei neste to vekene
- 30.03.21 Ein ny testa positivt
- 29.03.21: Nytt koronatilfelle i helga
- 26.03.21: To nye koronatilfelle
- 25.03.21: Nytt smittetilfelle i Alver
- 15.03.21: Om lag 400 har fått AstraZeneca-vaksine i Alver
- 10.03.21: Slik skal innbyggjarane i Alver få koronavaksine
- 19.02.21: Nasjonale tiltak frå måndag 22. februar
- 19.02.21: Forskrift om endring i forskrift om smittevernfagleg drift på byggeplassar
- 17.02.21: 1842 koronavaksinar er sette i Alver dei siste vekene
- 12.02.21: Alver held fram med strenge koronatiltak
- 11.02.21: Forskrift om ekstra smitterverntiltak i byggjebransjen
- 11.02.21: Innfører forskrift med ekstra smitteverntiltak for byggjebransen
- 08.02.21: Klar for ny runde med massevaksinasjon
- 07.02.21: Bergensutbrotet: Kraftige tiltak i Bergen og kommunane rundt (pressemelding frå regjeringa)
- 29.01.21: Klar for vaksinering av eldre frå 85 år i veke 5
- 14.01.21: Positiv test ved Meland ungdomsskule
- 09.01.21: Koronasmitte knytt til Radøy ungdomsskule
- 07.01.21: Heimeskule for 4A på Alversund skule
- 03.01.21: Ungdomsskular på raudt nivå i 14 dagar
- 04.12.20: Nasjonale retningslinjer frå måndag
- 30.11.20: Held fram med lokale koronatiltak
- 29.11.20: Koronatilfelle knytt til Knarvik barneskule
- 29.11.20: Stenger 1. - 4. trinn på Skodvin Montesorriskule
- 24.11.20: Natås barnehage stengt til onsdag
- 23.11.20: Forskrift om smitteverntiltak i Alver kommune 24. november - 7. desember 2020
- 16.11.20: Positiv test ved Grasdal skule
- 09.11.20: Knyter 19 tilfelle til lokalt utbrot
- 06.11.20: Forskrift om smitteverntiltak i Alver kommune 7. - 23. november 2020
- 05.11.20: Felles utfordring - felles tiltakspakke
- 05.11.20: Fire nye koronatilfelle
- 04.11.20: Seks nye koronatilfelle
- 03.11.20: Stenger Barnas barnehage Kløvheim
- 02.11.20: Koronatilfelle på tre skular og ein barnehage
- 01.11.20: Stenger to avdelingar i Seim barnehage
- 28.10.20: Nye smitteverntiltak i nabokommunane til Bergen
- 28.10.20: Sju nye arbeidsinnvandrarar med korona
- 27.10.20: Ingen nye smitta på Sæbø skule
- 26.10.20: Halvparten av Alver-tala er importsmitte
- 24.10.20: Stenger 1.-3. klasse på Sæbø skule
- 22.10.20: Skuleklasse i karantene på Sæbø
- 28.09.20: Opnar Knarvik sjukeheim att
- 22.09.20: Koronatilfelle på Knarvik sjukeheim
- 09.09.20: Slik skal Alver støtte Bergen
- 28.08.20: Nærkontaktar ikkje smitta
- 22.08.20: Koronasmitte i Alver
- 14.08.20: Meteren er framleis viktig
- 14.07.20: Hugs smittevernråda i sommarferien
- 05.05.20: Oppheving av lokalt vedtak om smitteverntiltak i detaljvarehandelen og stenging av DNT-hytte
- 10.04.20: Oppdatert vedtak om vidareføring av forbod mot overnatting
- 08.04.20: Vedtak om sesongarbeidarar
- 06.04.20: Utset opning av skular og barnehagar
- 03.04.20: Utvidar hytteforbodet i Alver
- 02.04.20: Oppdatert vedtak om krav til kjøpesentre, daglegvarebutikkar, kioskar og annan detaljvarehandel for å førebyggje og avgrense koronaviruset, samt vedtak om stenging av DNT-hytte.
- 01.04.20: Rådmannen inviterer formannskapet til å gjere vedtak om å utvide hytteforbodet
- 26.03.20: Korleis testar vi for koronaviruset?
- 24.03.20: Helsing til næringslivet frå ordføraren
- 24.03.20: Røde kors og frivilligsentralane i full sving med handling og varelevering til koronautsette
- 23.03.20: Strilabiblioteket er stengt men opnar opp dei digitale dørene
- 20.03.20: Alver og Austrheim går saman om hjelp til varekjøp og varelevering til koronautsette
- 17.03.20: Har du helsefagleg kompetanse? Vi treng deg!
- 16.03.20: Etablerer felles hjelpeinnsats i heile Nordhordland.
- 15.03.20: Pressemelding om redusert kapasitet på legekontora og innbyggjarservice-kontora er stengt for besøk
- 15.03.20: Vedtak om krav til kjøpesentre, daglegvarebutikkar, kioskar og annan detaljvarehandel for å førebyggje og avgrense koronaviruset, samt vedtak om stenging av DNT-hytte. (OBS - sjå oppdatert vedtak 30. mars)
- 04.03.20: Pressemelding om tiltak i Alver i samband med koronaepidemien
Pressekontakt
Send e-post eller ring, så hjelper vi deg med å kome i kontakt med rett person i Alver kommune.
Silje Andvik Hoaas, kommunikasjonsleiar
- E-post: silje.andvik.hoaas@alver.kommune.no
- Mobil: 456 62 114