Nye koronatiltak for innbyggjarar i Alver
Regjeringa har innført nye nasjonale tiltak frå fredag 16. april.
Anbefalingar for heile landet
Hald 1 meter avstand. Hald hendende reine. Hald deg heime dersom du er sjuk.
Sosial kontakt
- Alle bør avgrense sosial kontakt.
- Det oppmodast til å møte andre utandørs, og ikkje ha besøk av fleire enn fem gjestar. Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan ein vere fleire, men ein må kunne halde avstand.
- Born i barnehagar og barneskuler kan ha besøk fra egen kohort. Born og unge kan i tillegg til besøk fra egen barnehage- og barneskulekohort, ha besøk av eller gå på besøk til ein til to faste vener.
Reiser
- Reiser til utlandet er fråråda. Strengt naudsynte reiser kan gjennomførast.
- Unngå unødvendige reiser innanlands. Dette er spesielt viktig til og frå områder med høgt smittepress.
- Ein kan reise på hytta (eigd eller leigd) eller hotell innanlands, men unngå kollektivtransport om mogleg.
- Reiser til arbeids- og studiestad kan reknas som ei naudsynt reise.
- Personar som reiser til kommunar med mindre strenge tiltak bør følgje anbefalingane som gjeld i kommunen dei bur i til vanleg.
Skular og barnehage
Barnehagane og skulane er på gult nivå i tråd med trafikklysmodellen.
Arbeidsliv
Heimekontor for alle som har moglegheit.
Handelsnæringa
Kan halde ope med smitteverntiltak jf. eigen bransjestandard og krav i forskrift.
Idretts- og fritidsaktivitetar
- Born og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt. Dei kan få unntak frå anbefalinga om ein meters avstand når det er naudsynt for å drive med aktiviteten.
- Dersom born og unge trener/øver med eit lag, foreininga eller liknande i ein annan kommune, vil dei kunne konkurrere med dette laget/denne foreininga så lenge smittesituasjonen tillet det.
- Born og unge under 20 år som driv med idrettar som ikkje inneber nærkontakt, som til dømes ski, kan delta i idrettsarrangement utandørs som samlar deltakerar fra same idrettskrins eller region der region er nytta som geografisk inndeling
- Vaksne kan drive organisert aktivitet innandørs i grupper på inntil 10 personar, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand.
- Vaksne kan drive organisert aktivitet utandørs i grupper på inntil 20 personar, så lenge dei kan halde minst ein meters avstand.
- Toppdrettsutøverar kan trene som normalt, både utandørs og innandørs.
Høgare utdanning
Det er mogleg å vere på campus med forsterka smitteverntiltak. Tilgang til lesesalar og bibliotek. Større førelesningar og samankome bør ein unngå, undervisning i mindre grupper kan gjennomførast.
Reglar for heile landet
Private samankome og arrangement
Arrangement som samlar personar frå ulike kommunar, er anbefala å utsetje eller avlyse.
Reglane for arrangement er som følgjer:
- Maks ti personar på private samankome innandørs utanom i eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. Maks 20 personar utandørs. Born i same kohort i barnehage eller på barneskule kan møtast med eit naudsynt antal vaksne personar som tilretteleggjarar.
- Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personar på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.
- Maks 100 personar på arrangement innandørs kor alle i publikum sit på faste, tilviste plassar.
- Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personar (fordelt på 3 kohorter á 200 personar) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane.
- Arrangøren skal iverksetje tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i same husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Om det er naudsynt skal det nyttast vakthald for å sikre dette.
- Same høve til å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader.
Uteliv, serveringsstader og arrangement med skjenkebevilling
- Kun tillete med skjenking ved servering av mat. Skjenkestopp kl. 22.00.
- Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestane som samtykkjer til det.