HeimOm kommunenFakta om Alver kommune

Fakta om Alver kommune

Collage Alver kommune

Korte fakta om kommunen
  • Landareal: 651 km2
  • Innbyggjartal: Trykk her for SSB sine oppdaterte tal
  • Administrasjonssenter: Knarvik
  • Fylke: Vestland
  • Målform: Nynorsk
  • Kommunenummer: 4631
  • Høgaste fjell: Sørdalsnuten (957 moh.)
  • Kommunevåpen: Båt og bru
  • Logo:

Alver kommune sin logo

 

 

Trykk her for å sjå filmsnutten "Vi er Alver"

Natur og geografi 

Radsundet mot Alverstraumen

 

  • Berggrunnen i vest høyrer til Bergensfeltet (Bergensbogane) som utgjer ein del av den kalendonske fjellkjeda. I Alver dannar berggrunnen her soner som vekslar mellom anortositt, mangeritt, gabbro og gneis, og dannar eit landskap med nordvest-søraustlig strokretning prega av landstrakte, låge ryggar og mange stader lyngkledde heiar.
    Trykk her for å lese meir på snl.no
  • Bergarten mangeritt har fått namnet sitt av funnstaden, og har gjort Manger kjent over heile verda, i allefall blant geologar. 
  • På Holsnøy og Radøy når dei høgaste toppane 324 meter over havet (Eldsfjellet) og 217 meter over havet (Morkefjellet). Sørdalsnuten (957 moh.) nordaust i Alver kommune er kommunen sitt høgaste fjell.
  • Ved Vallevika på Seim finn du verdas nordlegaste sjølvforyngande bøkeskog.
    Les meir om Bøkeskogen på Seim på grind.no
  • Fleire stader i Alver finn ein kystlyngheier. På Lygra finn ein eit historisk lynghei-landskap, slik det har vore på kysten i 5000 år.
    Trykk her for å lese meir om Lyngheisenteret på muho.no
  • I Alver har vi alt frå tronge fjordsystem til opne hav. 
  • Lindåsosane og Lurefjorden er det første marine verneområdet i Vestland fylke og har eit så spesielt fjordsystem at det ikkje finst liknande i verda.
    Trykk her for å lese meir på statsforvalteren.no

 

Historie

Dei første innbyggjarane

Det var framleis istid i landet då dei første menneska kom til Nordhordland. Dei busette seg heilt ute ved kysten, der isen forsvann først. I områda kring Fosnstraumen mellom Radøy og Austrheim finn me dei eldste busetnadene i området. Her er det gjort funn som viser at dei første menneska kom dit i eldre steinalder, for mellom 10 000 og 11 000 år sidan. Her budde dei store delar av året og levde jakt og fiske.

I yngre steinalder (4000-1800 f.Kr.) byrja ein med jordbruk i Noreg. Under granskingane av buplassane ved Fosnstraumen tok botanikarane ut prøvar av pollen frå jordlaga frå steinalder og frå myra utanfor buplassane. Det dukka opp pollen av kveite og bygg i laga frå yngre steinalder – datert til kring 3500 f.Kr. Dessutan synte pollen-analysane at terrenget i nærleiken av buplassane var beita ned i denne perioden. Dette visar at fangstfolka her var blant dei første i Noreg som eksperimenterte med jordbruk og husdyrhald.

Trykk her for å lese meir og sjå film om steinalderbusetjinga ved Fosnstraumen.

Det var i denne perioden, mot slutten av steinalderen, at folk byrja å svi og brenna skogen for å få fram kystlyngheier som dei kunne bruka til beite for husdyr. Kystlyngheiene, som me den dag i dag finn mellom anna på Lygra, er vår eldste kulturlandskapstype.

Trykk her for å lese meir om Lygra på grind.no

Folk vert bønder

I bronsealderen (kring 1800-500 f.Kr.) byrja folk å ta i bru bronse til utforming av våpen, reiskap og smykke. Det som vert rekna for mest karakteristisk for denne perioden er at det er bonden si kulturform som har festa seg, og det er gjort funn av åkerreiner og dyrkingsspor som viser at det har vore drive landbruk. Det er ikkje funne hustufter frå bronsealderen i vårt område, men det er sannsynleg at det har vore gardshus i denne perioden også her.
I jernalderen (kring 500 f.Kr. til ca. 1050 e.Kr.) vart jernet det viktigaste materialet i reiskapar og våpen, noko som representerte eit klart tidsskifte både teknologisk og samfunnsmessig. Det at så vanlege råvarer som myrmalm og trevirke kunne nyttast til framstilling av jern til reiskapar og våpen, førte til utviding av ressursgrunnlaget. Det vart lettare å rydda skog og utvida jordbruksareala, og jordbruket vart meir effektivt.
Jamvel om det er sannsynleg at dei eldste gardane, i vår tyding av omgrepet, går attende til bronsealderen, er det er ikkje før dei første to-tre hundreåra e.kr. at me byrjar å finna sikre spor etter faste gardar i vårt område. Gravhaugar, øydegardar og hustufter og ikkje minst stadnamn er kjelder som vitnar om fast busetnad i jernalderen på gardar i vårt område. Hustufter er funne mellom anna på Lurekalven, der var det gardsdrift frå 700-talet og fram til garden vart lagt øyde ein gong etter svartedauden. Dei arkeologiske undersøkingane viser at bygningane i Lurekalven var såkalla langhus med eldhus, stove, bu og løe med flor under same tak. Dette er ein byggeskikk som var nokså vanleg i vårt område heilt fram til utskiftingane på gardane i andre halvdel av 1800-talet.

Trykk her for å lese meir om Lurekalven på grind.no

Maktsentrum

Arkeologisk materiale tyder på at det har vore eit økonomisk og politisk maktsentrum i området, truleg i tilknyting til Seim, med tradisjonar heilt attende til eldre jernalder. På 800-talet må det ha vore ei mektig hovdingætt her – kanskje den mektigaste i heile regionen. Det er ikkje heilt sikkert kvar maktsenteret låg og kvar hovdingen haldt til, men på 900-talet er det nemnd i sagaene at både Lygra og Seim var kongsgardar. Nord på Holsnøy og på Fammestad ligg Husebø-gardar som kan ha hatt militære eller administrative funksjonar knytt til kongsgarden.
Seim er nemnd som ein av kongsgardane til Harald Hårfagre (konge frå kring 865 til kring 930-933), og også sonen Håkon den Gode (konge frå 830-talet til kring 960-961) brukte kongsgarden på Seim. Sagaene fortel at Håkon den gode fekk banesår i slaget på Fitjar og døydde på Håkonshella i nærleiken av Alvøen. Han vart deretter frakta med båt til Laberget ved Alversund og bore derifrå over fjellet til Seim, der han vart gravlagd. Etter tradisjonen skal den såkalla Kongshaugen eller Håkonshaugen blitt bygd over grava hans. Det er gjort fleire utgravingar i gravhaugen der kongen etter tradisjonen skal vera gravlagd, men utan at det er funne prov på at kongen ligg gravlagd der. Håkonshaugen som ligg på Seim i dag er ein rekonstruert gravhaug, og kan sjåast på som eit minnesmerke over kongsgarden og Håkon den gode. Det er uklart kor lenge Seim vart nytta som kongsgard, men garden var krongods fram til 1400-talet.

Trykk her for å lese meir om Seim på grind.no

Kai. Parti frå Seim, fotograf E. Thorsheim, Kjelde: marcus.iub.no

Bønder og fiskarar

For folk flest i vårt område har kombinasjonen av jordbruk og fiske vore avgjerande for livsgrunnlaget. Dei fleste gardane har vore nokså små og tungdrivne, og fiske har difor vore avgjerande for livsgrunnlaget til folk ute ved kysten. Lengst inne i kommunen – mot grensa til Masfjorden og Modalen har dei store fjellbeita vore viktige for jordbruksdrifta.
På Vestlandet hadde folketalet allereie i vikingtida auka så mykje at det byrja å verta knapt med jord. Løysinga var då å dela opp gardar i mindre bruk. Dei fleste bygningane på garden låg samla i eitt tun, medan innmarka var delte i mange teigar og utmarka var felles for alle bruka. Klyngetuna var den dominerande busetjingsmåten på dei fleste gardar i vårt område heilt fram til utskiftingane byrja i andre halvdel av 1800-talet. Ved Isdal kan me den dag i dag sjå restane av eit slikt klyngetun.
Dei som ikkje fekk overta eller gifta seg til gard, vart gjerne husmenn. Husmennene leigde små jordstykke og hustomt av bøndene på gardane, og betalte gardbrukaren med pliktarbeid og anna arbeid, kontantar eller matvarer. Husmannsvesenet oppstod på 1600-talet, men nådde høgdepunktet kring 1850, før talet på husmenn gjekk sterkt attende fram mot hundreårsskiftet. I står det att bygg etter husmannsplassar mellom anna på Ystebøtræ på Radøy og i Vikja på Eikanger.

Trykk her for å lese meir om Isdal på grind.no

Trykk her for å lese meir om Ystebøtræ på grind.no

Samferdsle i gamal tid

Det var sjøvegen som var den viktigaste ferdselsåra i gamal tid, og dei aller fleste gardar hadde naust ved sjøen eller rettar til båtfeste og landingsplass ved sjøen. I tillegg til at dei kunne fiska, gjorde båten at dei kunne koma seg til kyrkja, som ofte låg på andre sida av fjorden, eller til Bergen for å selja varer på torget. Vegar var det få av og stort sett gjekk desse kortaste veg til sjøen og mellom gardane. Dei fleste vegane var i dårleg stand og knapt køyrbare med hest og kjerre.
Ved kongeleg resolusjon 13. mai 1785 vart det vedtatt å oppretta posttransport kvar veke mellom Trondheim og Bergen, og å byggja ein postveg mellom dei to nemnde byane. Denne traseen gjekk for det meste over land for å få posten effektivt og sikkert fram. Delar av traseen for den Trondhjemske postveg går gjennom Alver kommune – frå kaien i Isdalstø til Lotrebogane på Neset, og deretter over Kråkeosen til Trælevikja sør for Hundvin og vidare til Lindås og Fonnebustsjøen. Fleire stader langs postvegen var det postgardar, der bonden hadde plikt til å frakta posten vidare til neste postgard. Postvegen vart nedlagd ved kongeleg resolusjon i 1868, då dampskipsruter mellom Bergen og Sogn for det meste hadde overtatt frakt av posten.

Dampskipa tok etterkvart over mykje av transporten av folk og varer både internt i regionen og mellom Nordhordland og Bergen. Dampskipa fekk svært mykje å seia, og bidrog sterkt til dei sosiale, økonomiske og kulturelle omveltingane i norske bygdesamfunn som skjedde frå slutten av 1800-talet og framover. Det vart bygd dampskipskaier mange stader, og dampbåtane gjekk i faste ruter mellom Bergen og Nordhordland. Kring kaiene vart det gjerne starta opp handels- og industriverksemder og kaiane vart med det viktige samlingsplassar og knutepunkt for bygdene.

Bygginga av vegar skaut fart på 1900-talet, og etter kvart som folk fekk bilar gjekk transporten gjekk gradvis meir og meir på land. Viktige milepælar var bygginga av Alversundbrua i 1958 som gjorde at ferja mellom Alverstraumen og Alversund vart lagt ned og Radøy vart landfast, og bygginga av Krossnessundbrua i 1978 og Haglsundbrua i 1982 som gjorde Meland kommune landfast og knytte kommunen tettare til resten av Nordhordland. Sist, men ikkje minst, kom Nordhordlandsbrua i 1994 som gjorde at Noregs mest trafikkerte ferjestrekning Knarvik-Steinestø gjekk over i historia.

Næringsliv

Det var først kring midten av 1800-talet at dei store endringane frå sjølvbergingsøkonomi til marknadsøkonomi verkeleg skaut fart. På bygdene fekk ein i større og større grad ein arbeidarklasse då mange bønder og husmenn tok attåtarbeid som industriarbeidarar, anleggsarbeidarar, sjøfolk osv. Handverkslova av 1839 gav byhandverkarane færre privilegium, og gjorde det mogleg for handverkarane på bygda å ta opp konkurransen med byhandverkarane. I siste halvdel av 1800-talet finn me mange døme på at bygdehandverkarar spesialiserer seg på å laga nokre få produkt. Til dømes spesialiserte mange smedar på Holsnøy seg innan produksjon av navarar, som seinare vart kommunevåpenet i Meland kommune.

Trykk her for lese meir om navarane på grind.no

I Bjørsvik vart det starta opp mølledrift på 1850-talet, og på få år vart denne mølla ei av dei største handelsmøllene på Vestlandet. Kring mølla vaks det fram eit lite industrisamfunn med mellom anna ei rekkje nye arbeidarbustader og handelshus.

Bjørsvik, fotograf: Ukjend. Kjelde: marcus.uib.no

Trykk her for å lese meir om Bjørsvik på grind.no

Langs Alverstraumen vart det i frå andre halvdel av 1800-talet starta opp ei rekkje garveriverksemder – alt frå einmannsføretak til større verksemder med eit ti-tals tilsette. Kring 1900 var det ikkje mindre enn 14 garveri i drift samstundes i Alversund-bygda. Andre stader som på Manger, Bøvågen og i Alverstraumen, fekk ein store hermetikkfabrikkar som var viktige sesongarbeidsplassar – ikkje minst for kvinnene.

Kvamsvågen kring 1910. Nede til høgre ligg garveriverksemda Kleivdals fabrikker, som i følkgje Bygdebok for Alversund skal ha vore det største garveriet i Nordhordland. Midt i biletet er direktørbustaden som Torstein Kleivdal fekk bygd i 1905, og nede til venstre er arbeidarbustaden. Garveriet brann ned i 1921 og verksemda vart flytta til Laksevåg. Kjelde: marcus.uib.no

Bygdefolk var viktige pådrivarar i utviklinga, og i perioden 1884-1939 vart det starta opp ikkje mindre enn 37 meieri i noverande Alver kommune. Meieria tok i mot mjølk frå medlemene, som var lokale bønder, for vidareforedling og sal. Også ei rekkje andre verksemder vart starta opp i hundreåret frå 1850-1950: sparebankar, landhandlarar, møbelfabrikkar, trevarefabrikkar, ullvarefabrikkar, korkindustri, bakeri, gartneri, bussfabrikk og jamvel ein fabrikk for framstilling av kamelhårstøflar og skinntøflar på Hjelmås!

Trass i mange nye verksemder hadde Nordhordland blitt ein region med låge inntekter, der det var vanskeleg å skaffa seg arbeid, der ungdommane flytta vekk og befolkninga vart stadig eldre. I perioden 1955-1975 skulle dette snu – «Det store tidsskiljet» vert denne perioden kalla i boka med same namn. I 1956 starta ferjesambandet Steinestø-Knarvik opp, utbygginga i Knarvik starta, og i 1965 peika regjeringa Knarvik ut som vekstsenter. I 1964 fekk me nye kommunegrenser då Radøy vart samla til ein kommune, Meland kommune fekk nordre del av Holsnøy frå Herdla kommune, og heile Lindåshalvøya heilt inn til Dyrkolbotn vart samla til Lindås kommune. Det var likevel utbygginga av industriområdet på Mongstad tidleg på 1970-talet som fekk mest å seia for utviklinga i regionen. Hundrevis og seinare fleire tusen arbeidsplassar vart etablerte på Mongstad. Dette fekk store ringverknader for heile regionen både når det gjaldt tilgang på arbeidsplassar, demografi, busetnadsmønster, infrastruktur, kommuneøkonomi m.m. og har vore avgjerande for utviklinga av regionen heilt fram til i dag.

Kjelder:

  • Eikehaug, Tine: Navarsmeden. Soga om ein gamal handverkskunst, Bergen 1997
  • Haugland, Anders: Bygdebok for Alversund, bind 1 og 2, Bergen 2021
  • Indrelid, Svein: Strilesoga. Nord- og Midhordland gjennom tidene. Frå steinalder til vikingtid, bind 1, Bergen 1996
  • Sulebust, Jarle: Strilesoga. Nord- og Midhordland gjennom tidene. Frå vikingtid til 1650, bind 2, Bergen 1997
  • Sætherskar, Johs. (red.): Det norske næringsliv. Hordaland Fylkesleksikon, Bergen 1952
  • Tungodden, Bernt (red.): Det store tidsskiljet. Boka om Nordhordland, Knarvik 1989
  • Tveit, Nils: Meieribruket i Hordaland, Bergen 1949
  • Christensen, Arne Lie: Fabrikken og garden, Bergen 1980
  • Store norske leksikon: Trykk her for heimeside
  • Grind: Trykk her for heimeside
  • Muho: Trykk her for heimeside
Næringsliv 

Oljeeventyret

Raffineriet på Mongstad var starten på oljeeventyret i Alver kommune. Det gav grobotn for ein kraftig vekst og velstand i bygdene våre.
Raffineriet, råoljeterminalen og forsyningsbasen har gitt grunnlag for ei omfattande servicenæring innan olje og gass i kommunen. Petroleumsverksemda på Mongstad gjer Vestland til eit av dei aller største eksportfylka i landet.
Ei rekkje bedrifter i Alver og nabokommunane har spesialisert seg på å levere utstyr og tenester til olje- og gassindustrien til havs. CCB Mongstad er sentrum for denne aktiviteten, midt i hjarta av norsk petroleumsindustri. Forsyningsbasen har i stor grad vore med å styrka Mongstad, Alver og Nordhordland som oljemetropol. Dette er Norges største logistikkoperasjon og den nest største hamna i Nord-Europa. Også testsenteret for fangst av Co2, Technology Centre Mongstad, har sett Alver på kartet.

Samla står olje- og gassnæringa for omtrent 28 prosent av sysselsettinga i Alver, og av dette er ca 40 prosent knytt til raffineriet på Mongstad, resten innan teneste- og utstyrsleveranse. Her har Frank Mohn Flatøy ein sterk posisjon på verdsmarknaden med leveranse av pumpesystem både til rederi og oljenæringa.
No flyt olje i rør frå det nye og store Johan Sverdrup-feltet inn i djupe hallar på Mongstad. Men visste du at Alver forsyner eit titals installasjonar i Nordsjøen med drikkevatn? Dette gjer dei via uttaket hjå CCB Mongstad og vidare utskiping til faste installasjonar og flyteriggar. Kvar dag året rundt blir det frakta i snitt eit par tusen tonn Alver-vatn på kjøl.

Grøn industri

Det grøne skiftet har stort fokus, også i Alver. Det blir jobba med spennande prosjekt knytt til fornybar industri, ikkje minst innan storsatsinga Green Spot Mongstad. Målsettinga i denne satsinga er å transformera Mongstad og tilstøytande industriområde til Norges framste industriklynge med fokus på ny teknologi og berekraftige løysingar. Greenspot Mongstad skal leggje til rette for innovasjon og vekst for eit berekraftig næringsliv. Alver kommune er deleigar i dette prosjektet.

Trykk her for meir informasjon om Greenspot Mongstad

I Alver er det også eit stort spenn av produksjonsbedrifter, som produserer garn, bygningselement, skip, landbruksutstyr, samt modular til anlegg til havs – for å nemne nokre bransjar.

Kommunen har eit spennande gründermiljø, og gjennom Industriutvikling Vest har både ferske og etablerte verksemder fått god hjelp til å utvikle seg vidare.

Trykk her for å sjå kampanjefilm for Right Mongstad kompetanseprosjekt 

Landbruk og skogbruk

Alver er langt meir enn olje og gass. Visste du at Alver er ein av dei største matprodusentane i Vestland? Storfe- og sauehald dominerer. Her er det fleire høns enn innbyggarar, og vi har «goa pote». Her har også skogbruket gode vilkår – det vart hogd 45 570 kubikkmeter tømmer i 2020, for det aller meste gran.
Store mengder blir frakta ut med båt frå tømmerkaien på Eidsnes, som er eit viktig knutepunkt for tømmertransporten.

Tenesteyting

Tenesteyting, bygg og anlegg og varehandel er store bransjar med i alt over 4000 arbeidsplassar og betydeleg verdiskaping. Reiselivet gir også ein del arbeidsplassar i Alver, mellom anna gjennom hotellbedriftene Alver hotell og Westland hotell.

Fiskeri og oppdrettsnæring

Fiskerinæringa var viktig i Alver alt frå tidlegare tider. På Radøy snakkar dei framleis om det største sildekastet med landnot i norgeshistorien for over hundre år sidan. Sildeeventyret skapte grunnlag for mange hermetikkfabrikkar i regionen, som gav kjærkomne arbeidsplassar til mange kvinner. Sildefisket bidrog til å sikra levegrunnlaget i bygdene våre utover på 1900-talet.

I 2018 hadde ilandførte fiskefangstar i Alver ein førstehandsverdi på 14,3 millionar kroner. I fjordane våre ligg det ei rekkje oppdrettsanlegg, som også gir sysselsetting og eksportverdi. Den einaste kvalfangstskuta i Vestland finn du også i Alver, nærare bestemt i Bøvågen i Radøy. Her er det også fiskemottak, som leverer dei finaste råvarer til spisestader i vestlandshovudstaden.

Trykk her for filmportrett frå settefiskanlegget i Bjørsvik

Pendling

Alver har betydeleg innpendling frå Bergen og nabokommunane, ikkje minst på grunn av petroleumsaktiviteten. Det nye regionale helsehuset i Knarvik er ein stor og attraktiv arbeidsplass som også bidreg til ein del innpendling.

Tal frå SSB syner at i 2020 var det 5696 personar som pendla til ein annan kommune og 2443 personar som pendla inn til jobb i kommunen.

Trykk her for å sjå alle SSB sine tal for Alver kommune

Kart over Alver kommune

Trykk her for å sjå kart over Alver 

Kuriosa

 

  • Visste du at det fins regnskog i Alver? Det er riktignok ikkje snakk om tropisk, men temperert regnskog.
  • Alver kommune er ein del av UNESCO sitt biosfæreområde i Nordhordland. Dette er Norge sitt einaste biosfæreområde. Trykk her for å lese meir om dette på nordhordlandbiosphere.no.
  • Fridtjof Nansen hadde fleire forskningsopphald på Manger.
  • Mongstad er Europas største oljehamn målt i tonnasje etter Rotterdam.
  • Eklogittane på Vestlandet vart til då urtidsbergartar vart pressa ned og krympa under stort trykk djupt under den kaledonske fjellkjeda. Prosessen kan ha utløyst somme av dei djupaste jordskjelva i verda. Dei tydelegaste spora etter dette dramaet er å finna på og kring Eldsfjellet på Holsnøy. Her finn ein difor bergartar frå den innerste delen av jordskorpa.
  • Lyngheisenteret er den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som og er tilrettelagde for publikum. Trykk her for å lese meir på muho.no
  • Ein av kulpane i elva Eitra i Eiterdalen vart av reiseradioen kåra til Noregs finaste badeplass i år 2000. Trykk her for å lese meir på ut.no
  • Jo Vedlo Hodne, som sjølv hevda at han var Karl den 12 sin banemann, har fått oppført ein bauta på Hodne ved Myking.

Ordførarkjede:

Hovudinnslaget på ordførarkjedet er Alver kommune sitt kommunevåpen, og over det ligg dei tre gamle kommunevåpena til Radøy, Meland og Lindås kommunar. Mellom dei gamle kommunevåpena er det lagt inn det som skal symbolisere sjø. Bak på kjedet står ein inskripsjon med «Alver 2020» som markerer året då Alver blei éin kommune.

Smykket er designa og handlaga av gullsmed Hilde Rønning Rongevær.

Ordførarkjede 

Grafisk profil

Trykk her for å sjå vår grafiske profil

Årsmeldingar og årsrekneskap

Trykk her for å sjå årsmelding for 2021

Trykk her for å sjå årsrekneskap for 2021

Trykk her for å sjå årsmelding for 2020

Trykk her for å sjå årsrekneskap for 2020


Sist oppdatert: 23.05.2022
Publisert: 20.09.2021