HjemOm kommunenInnkjøp i Alver kommune

Innkjøp i Alver kommune

Innkjøp er eit strategisk viktig område for Alver kommune og innkjøpa kommunen gjer skal vere med å bidra til at kommunen oppnår sine mål og visjonar.

Alver kommune er underlagt regelverket for offentlege anskaffingar.

Slik jobbar vi med innkjøp i Alver

Alver kommune gjennomfører innkjøp sjølv og i samarbeid med andre offentlege aktørar. Alver er mellom anna ein del av eit større innkjøpssamarbeid med Bergen kommune. I enkelte innkjøpsprosessar samarbeider Alver også med Vestland fylkeskommune eller andre kommunar i regionen.

Innkjøpssamarbeid gir Alver kommune moglegheit til å delta i konkurransar og avtalar saman med andre. Samarbeidet bidrar mellom anna til betre vilkår og prisar, samt effektiv ressursbruk knytt til innkjøpsprosessar.

Dersom du føl lenka under vil du få ei komplett oversikt over alle pågåande konkurransar Alver kommune er ein del av, uavhengig av om konkurransen er utlyst av kommunen sjølv eller via eit innkjøpssamarbeid der konkurransen er utlyst av ein anna offentleg aktør, eksempelvis Bergen kommune.

Trykk her for oversikt i Doffin over pågåande konkurransar som Alver kommune er ein del av.

Innkjøpsreglement

Alver kommune har eit eige innkjøpsreglement som sikrar at alle innkjøp i kommunen vert gjennomførte i samsvar med gjeldande regelverk, samt kommunen sine eigne retningslinjer.

Trykk her for å sjå innkjøpsreglement for Alver kommune

Innkjøpsstrategi

Alver kommune har ein eigen innkjøpsstrategi. Denne er vedteke av kommunestyret og er førande for alle innkjøp kommunen gjer.

Trykk her for å sjå innkjøpsstrategi for Alver kommune

Oversikt over pågåande rammeavtalar

Kommunen nyttar Mercell som digitalt kontraktsadministrasjonsverktøy. Her kan du få oversikt over pågåande rammeavtaler som ligg i Mercell-systemet.

Digital konkurransegjennomføring

Alver kommune gjennomfører sine konkurransar digitalt via konkurransegjennomføringsverktøyet Mercell. Dette inneber blant anna at kommunikasjon og tilbodsinnlevering skjer elektronisk.

Ta kontakt med kommunen dersom du treng hjelp, her finn du vår kontaktinformasjon.

Dersom du opplever tekniske problem i Mercell, må du ta direkte kontakt med support hjå Mercell.

Eg ønsker å bli leverandør til kommunen

Du kan følgje denne lenka for å få oversikt over pågåande konkurransar som er kunngjorde.

Ønsker du å snakke med oss eller sende oss informasjon om varer og/eller tenester verksemda di kan tilby kommunen? Du finn kontaktinformasjon under overskrifta «Slik får du kontakt med oss».

Ønsker du å levere tilbod til det offentlege, men synes det kan være utfordrande og vil lære meir?

Trykk her for nyttig informasjon knytt til offentlege innkjøp på nettsidene til Næringslivets hovedorganisasjon, NHO.

Trykk her for nyttig informasjon om offentlege innkjøp på nettsidene til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, DFØ.

Sende faktura til kommunen? 

Trykk her for informasjon om faktura.

Slik får du kontakt med oss

Ønsker du å snakke med oss eller sende oss informasjon om varer og/eller tenester verksemda di kan tilby kommunen? Her finn du vår kontaktinformasjon.

Hugs å ikkje senda sensitiv informasjon på e-post.


Sist oppdatert: 18.03.2024
Publisert: 24.11.2022