HjemOm kommunenBeredskap og krise

Beredskap og krise

Kriseleiing

Alver kommune si kriseleiing KKL (Kommunal Kriseleiing) består av Kommunedirektøren si leiargruppe.

Leiargruppa vil samlast når det er behov for å samordna leiing og samvirke på tvers av sektorar eller når kommune skal yte bistand til andre aktørar i samfunnet. 

Hendingar som Alver kommune har ansvar for, handterast etter dei 4 beredskapsprinsippa – Ansvar – nærleik – likhet og samvirke.

Dei som utfører tenesteyting til dagen er dei som har ansvaret ute i drifta. Hendinga skal handterast nærast mogleg og organisasjon som handterer den skal vera mest mogleg lik den daglege organiseringa.

Trykk her for kontaktinformasjon, kommunedirektøren si leiargruppe

Trykk her for kontaktinformasjon for pressa

Utdeling av jodtablettar ved ei atomulukke

Jodtablettar er lagra i alle private og offentlege barnehagar, skular og institusjonar for barn og unge i Alver kommune. Ved ei atomhending kan det bli aktuelt å dele ut jodtablettar til barn og ungdom som er i barnehage, på skule eller i institusjon. Dette vil berre skje etter ei tilråding frå nasjonalt Kriseutval for atomberedskap.

Dersom ei atomulukke skjer nær eller i Noreg, kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta i så store mengder at det blir tatt opp i skjoldbrukskjertelen dersom ein pustar inn forureina luft eller får i seg forureina mat og drikke. Jodtablettar hindar opptak av radioaktivt jod i skjoldbrukskjertelen og reduserer risiko for å få kreft i denne. Difor rår myndigheitene til at barn og unge under 18 år får ein dose jod i tablettform dersom det skjer ei atomulukke som utset dei for radioaktivt jod.

Det oppstår sjeldan biverknader ved enkeltvis inntak av jod. Dei som er allergiske mot kaliumjodid skal ikkje ha jodtablettar. Ved tvil bør ein søkje råd hjå lege. Personar med stoffskiftesjukdom bør kontrollere stoffskifteprøvar 6-12 veker etter inntak av jod. Personar med dermatitis herpetiformis (Duhrings sjukdom) kan få ei forverring av hudsjukdomen i tida etter inntak av jodtablett, og behandlande lege vil då vurdere om behandlinen bør justerast.

Dersom de ikkje ønskjer at dykkar barn/ungdom skal få utdelt jod i barnehage/skule ved ei eventuell atomhending, må de melde tilbake til styrar/rektor.


Sist oppdatert: 01.06.2022
Publisert: 11.04.2022