Flyktning frå Ukraina?
Flyktningar som treng støtte frå det offentlege, må registrere seg.
Slik kan du registrere deg
- Ta kontakt med lokalt politi
- Ring flyktningetenesta i Alver på 45 83 29 26. Vi svarar på telefonen i vekedagane mandag til fredag frå klokka 10.00 til 14.00. Telefonen har vanleg opningstid onsdag, torsdag og fredag i påskeveka også.
Bur du heime hos nokon?
Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som bur privat.
Har du leigd privat bustad?
Trykk her for å lese IMDI sin informasjon til flyktningar som finn bustad på eiga hand.
Treng du hjelp til å finne ein stad å bu?
Du vil få tilbod om bustad når du har registrert deg og får opphaldsløyve.
Helsehjelp
Alver migrahelseteam tilbyr helsetenester til flyktningar.
- Opningstider: kvardagar frå 08.00 - 15.30.
- Telefon: 56 37 59 19. Telefonen er open frå 08.30 - 15:00.
- Adresse: Kvassnesvegen 39, 5914 Isdalstø. Følg skilting.
- Trykk her for kart med beskriving av tilkomstveg
Migrahelseteamet er eit fleirfagleg flyktningehelseteam der også spesialisthelsetenesta kan inngå.
Kontaktperson:
- Susanne Rebnord,
avdelingsleiar migrahelseteam
Telefon: 95 09 90 45
E-post: susanne.rebnord@alver.kommune.no