HeimUkraina og AlverØnskjer du å bidra?

Ønskjer du å bidra?

Leige ut bustad til flyktningar

Vi ventar at vi skal ta imot flyktningar frå Ukraina, og ønskjer kontakt med personar eller lag som har ledige leilegheiter eller hus.

Har du ein ledig bustad vil vi gjerne ha beskjed om det. Vi ber om utleigeprisar som er nøkterne utifrå plassering, standard og storleik.

Slik kan du melde ifrå om ledig husvære:

 

Kva reglar gjeld for utleige av bustad?

Plan- og bygningslova regulerer ikkje utleige av bustad. Rom som allereie er godkjent som opphaldsrom kan både leigast og lånast ut. Også rom i eigen bustad. Du treng ikkje ein nytt løyve for å låne/leige ut desse romma, verken til flyktningar eller andre. Du som huseigar må syte for at det er trygt å bu der, og at standarden er forsvarleg. Det skal vera mogleg å rømme frå minst to plasser (til dømes dør og vindu) og det må minimum være ein røykvarslar per etasje.

Eksempel på kva som er godkjent opphaldsrom er soverom, stove, hobbyrom med meir. Rom som ikkje er godkjent som opphaldsrom er til dømes bod, oppbevaringsrom, teknisk rom med meir.

For areal som ikkje er godkjent til opphaldsrom, men er tilknytt eigen bueining (kjeller og/eller loft) er det forenkla tekniske regler for å få dette godkjent som en utvida del av din bustad, dersom bustaden er oppført før 2011.

For meir informasjon om tekniske krava, sjå her 

Kommunal- og distriktsdepartementet har også mykje nyttig informasjon, sjå her

 

Hjelpe på andre måtar?

Frivilligsentralane har fått inn mykje, og tek no kun imot:

  • Dameklede, strl. 44-50
  • Barnehage og skulesekkar
  • barnevogner og triller
  • Kjøkkenutstyr (sett, ikkje enkeltvise glas og tallerkar)
  • sko til dame, alle størrelsar
  • Handkle
  • Fritids/sportsklede og utstyr
  • Ungdomklede, spesielt til gut
  • Klede til gravide

Klede og utstyr som skal delast ut til flyktningar frå Ukraina i Alver. Kleda og utstyret må vere fint brukt og reint og nett no treng vi ikkje vinterklede.

  • Frivilligsentralen har opent for innlevering og utlevering utstyr onsdagar frå klokka 17 – 19.30.
  • Frivilligsentralen har opent for innlevering og utlevering av utstyr torsdagar frå klokka 11 – 14.30. 

Stad: Gamle barneskulen i Knarvik – inngang B (inngang på nersida). Du kan køyre inn på skuleplassen.
Adressa er Kvernhusmyrane 8.

Har du spørsmål kring ordninga?

Trykk her for å lese meir om korleis du kan hjelpe gjennom ulike nasjonale hjelpeorganisasjonar.


Sist oppdatert: 11.05.2022
Publisert: 14.03.2022