Har du spørsmål til politikarane våre?
Kva kan du stille spørsmål om?
- Spørsmål må gjelde kommunale forhold og vere av allmenn interesse.
- Spørsmåla må ikkje vere knytt til saker under handsaming same møtedag.
- Det kan ikkje takast opp spørsmål som er unnateke offentlegheita eller er under ordinær klagebehandling.
Trykk her for å sjå sakslista til kommunestyremøtet 05.10.2023
Korleis sender du inn spørsmål?
- Spørsmål sender du til post@alver.kommune.no
- Merk e-posten med «Spørjetime»
- Frist for innsending er seinast 48 timar før møtet, det vil seie innan 3. oktober klokka 12.
Kommunestyret er på Helsehuset i Knarvik og startar klokka 12.00.
Ta kontakt med Tove Mette Fyllingen, på 47 46 41 45, dersom du har spørsmål om gjennomføringa.
Trykk her for å sjå møtet direkte eller i opptak på kommuneTV.
Sist oppdatert:
29.09.2023
Publisert:
29.09.2023