Ledige stillingar
Oversikt over ledige stillingar finn du i lenke nedst på denne sida.
Innanfor helse og oppvekst tar vi i mot opne søknadar/ringevikarar. Er dette interessant for deg, søkjer du via rekrutteringssystemet på opne søknadar.
Vil du søkje ein av dei ledige stillingane i Alver kommune?
Merk følgjande
- Alle søkjarar vert oppfordra til å søkje gjennom rekrutteringssystemet vårt.
- Er du er førstegongssøkjar, opprettar du brukarnamn og passord for å logge deg inn. Det er muleg å søkje utan at du opprettar deg ein brukarkonto. Opprettar du deg ein konto, vil du ha tilgang på det du har registrert og treng ikkje fylle ut alt på nytt om du søkjer på fleire stillingar hjå Alver kommune.
- Attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt jobbintervju.
- Vi gjer merksam på namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.
Treng du hjelp for å registrere søknaden din?
Under utfyllinga vil du sjå at det er nokon felt som må fyllast ut, for å kome vidare i prosessen. Vi har merka desse med ei raud stjerne.
Treng du hjelp til noko i registreringa eller systemet ikkje verkar som det skal, hjelper vi deg. Ring 56 37 50 00 og be om å få snakke med ein av rådgjevarane på HR-avdelinga.
Lykke til!
Ledige stillingar og søknadsskjema
Sist oppdatert:
08.09.2021
Publisert:
16.10.2018