Kontakt oss

Innbyggjarservice

Slik får du kontakt med oss

Treng du hjelp?

Ja, då er du hjarteleg velkommen innom innbyggjarservice på:

  • Knarvik senter (2.høgda i promenaden), Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
  • Kommunehuset på Frekhaug, Havnevegen 41 A, 5918 Frekhaug
  • Kommunehuset på Manger, Radøyvegen 1690, 5936 Manger

Opningstidene våre

08.00 til 15.30 på kvardagar. 

Byggjesaksvakt

Før du går i gang med eit byggeprosjekt, kan det vera nyttig å ta kontakt med oss for å få rettleiing. Ettersom det er mange som ringer til oss, vil kvar rettleiing vare opp til ca. 10 minutt. Du kan ringe oss på telefon 56 37 50 00

Du kan også sende ein e-post på byggesak@alver.kommune.no.

Vi gjer merksam på at søknader skal sendast til post@alver.kommune.no og ikkje til byggesaksvakta.

Byggesak har rettleiing på telefon og ved personleg oppmøte i Knarvik senter, i same lokale som Innbyggjarservice. Vi ønskjer å hjelpe flest mogleg, og har difor avgrensa tid for kvar samtale. Treng du meir detaljerte avklaringar, kan du be om førehandskonferanse. Sjå informasjon om det her.

I Knarvik senter har vi følgjande adresse og opningstid:

  • Kvernhushaugane 10, 5914 Isdalstø
  • Opningstid:
    • Måndag og onsdag
    • Klokka 09.00-15.00, med unntak av klokka 11.30-12.00
    • Telefon: 56 37 50 00
Planvakt

Planvakta

Du kan ikkje bestille time, men tenesten er open for rettleiing på telefon måndag til fredag mellom kl. 09:00 - 14.30.

Kva hjelper planvakta deg med?

Kva hjelper ikkje planvakta med?

  • Vi kan ikkje rettleie deg i forhold til byggjesaker. Byggjesaksvakta svarer på henvendingar knytt til byggjesaker.
  • Vi kan ikkje teikne, prosjektere eller fylle ut søknadar til deg. Kommunen kan ikkje handsame søknadar som den sjølv har bidratt til å fylle ut.
  • Vi kan ikkje rettleie i pågåande plansaker. Har du spørsmål til ei pågåande sak, er det sakshandsamar på den aktuelle saka du må vende deg til.

Kontakt

For å komme i kontakt med planvakta må du ringje
Innbyggjarservice på 56 37 50 00

 Vil du heller skrive til oss?

Postmottak 

Skal du dele sensitive personopplysningar?

Ikkje bruk e-post! Bruk eDialog ved å logge inn med BankID eller anna nivå4-sikkerhet på denne lenkja, eller kontakt oss per telefon eller ordinær postsending.

Hugs at all post til ein kommune blir handsama etter reglar for offentlegheit. Dette kan du lese meir om under postlister og innsyn.

Melde feil på kommunal veg

Alle førespurnader om feil på kommunal veg skal rettast til kommunen.

Meldingar om feil på kommunen sine vegar kan du leggje inn på vår meldingsteneste.

Trykk her for kommunen si meldingsteneste for feil på veg

Feil på kommunal veg kan til dømes vere slaghol, tette grøfter, ras og manglande brøyting/strøing.

Vakttelefonar Alver kommune

Naudnummer

  • Brann og større ulykker - 110
  • Politi og redningssentral - 112 
  • Ambulanse medisinsk nødtelefon – 113

Brann - avfall/bråtebrenning 

Mobil: 91 86 12 47

Vakttelefon for vatn og avløp (etter arbeidstid)

Vakttelefonar for veg

Feil på kommunal veg melder du til kommunen. Feil kan til dømes vere slaghol, tette grøfter, ras og manglande brøyting eller strøing.

Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00 på dagtid mellom klokka 08.30 og 15.00.

På kveld og i helger når du oss på:

Feil på fylkesveg, riksveg eller europaveg melder du til 175.

Trykk her for å melde feil på veglys 

Eller kontakt Eviny på veilys@eviny.no

Vakttelefon for bygg, anlegg og elektro

Vakttelefon kveld og helg: 56 37 51 51.

Heimetenesta klokka 07.00 - 22.00:

Heimetenesta kl. 22.00 - 07.00 (Nattpatruljen): 99 10 68 24

Sjukeheimstenesta

Vakttelefonar dersom det er problem med telefonisystem:

Veterinærvakt

Når kan du ringe?

  • Kvardagar frå klokka 16.00 til 08.00
  • I helger
  • På heilagdagar

Slik får du kontakt med oss

Ring eitt av nummera under, og be om informasjon om kven som har vakt.

  • Knarvik dyreklinikk: 56 35 45 75
    Veterinærar: Lars-Fredrik Sæthre og Inge Midtveit
  • Seim veterinærkontor: 56 35 10 50
    Veterinær: Hallgrim Andersen
  • Totland veterinærkontor: 56 35 11 06 eller 91 76 75 19
    Veterinær: Carl Aage Wangel
Eigedomsforvaltning

Har du spørsmål om kommunale bygg, idrettsanlegg, uteareal, leikeplasser, utbygging og avtaler eller grøntareal? Då kan du kontakte eigedomsforvaltning på e-post: eigedom@alver.kommune.no

Trykk her for øvrig informasjon

Vil du klage på service?

Har du ikkje får den servicen du har krav på? Då kan du sende oss ein serviceklage.

 

Slik sender du klagen

Trykk her for å sende oss ein serviceklage.

 

Kva kan du klage på

  • Du kan klage dersom du har hatt ei negativ oppleving etter kontakt med kommunen og ønskjer å gi oss ei tilbakemelding.
  • Ikkje bruk dette skjemaet til å klage på eit kommunalt vedtak eller ei kommunal teneste.

 

Trykk her for å klage på helse- og omsorgstenester.

Trykk her for å klage på vedtaket i ei byggjesak.

 

Kva skjer etter at du har klagd

  • Klagen din blir arkivert og sendt til rett person i kommunen.
  • Du vil normalt få eit svar innan tre veker.
Kontaktinformasjon leiarar

Organisasjonskart og kontaktinformasjon til kommunedirektøren si leiargruppe og tenesteleiarar finn du her.

Treng du kontakt med avdelingsleiarar eller andre tilsette i kommunen?
Ring innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Kontaktinformasjon folkevalde

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad når du på:

Kontaktinformasjon til øvrige folkevalde finn du her.

Pressekontakt

Send e-post eller ring, så hjelper vi deg med å kome i kontakt med rett person i Alver kommune.

Silje Andvik Hoaas, kommunikasjonsleiar

Telefonvarsling

Les meir om telefonvarsling her. 

eDialog - sikker sending av dokument inn til kommunen

Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein trygg måte.

Korleis logge inn i eDialog

Korleis fylle ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer)
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne)
  • Tittel: Kva dokument du sender, og gjerne saksnummer om du har det
  • Kommentar: Gje evt. ei utfyllande skildring av sendinga di
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format
  • Klikk på "Send forsendelse" – sendinga vert kryptert og sendast direkte til kommunens sak/arkivsystem
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks)

Korleis kan du gjere om eit dokument til PDF-format

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.
LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heter "Eksporter til PDF".

Du skal ikkje bruke eDialog viss

Kommunen har elektroniske skjema, til dømes "søknad om barnehageplass", "søknad på stilling", med meir.
Førespurnaden gjeld enkle spørsmål som ikkje skal journalførast hjå oss, då kan du kan sende e-post til post@alver.kommune.no

Digital post

Les meir om digital post her.

Nordhordlandskart

Trykk her om du er på jakt etter informasjon i kart


Sist oppdatert: 25.11.2022
Publisert: 16.10.2018