Jobbgaranti for helsefaglærlingar
Alver kommune satsar på heiltid, og dette er eit av fleire verkemiddel for å lukkast.
- Det er viktig for oss å vere ein attraktiv arbeidsgivar for helsefagarbeidarar og dette er eit av tiltaka vi har sett i gang, seier Hilde Bognøy Kleivdal, prosjektleiar for Heiltidskultur.
Det er eit stort behov for helsefagarbeidarar framover, og vi jobbar mot at 100 % fast stilling skal vere normalen.
- Vi meiner det er viktig at nye tilsette vert rekrutterte rett inn i ei 100 % fast stilling. Kommunen blir meir attraktiv som arbeidsgjevar og vi gir unge som skal velje yrkesveg ein tryggleik i at dei får jobb etter læretida.
Gode haldningar og motivasjon
Denne ordninga gjeld vanlege lærlingar, TAF-lærlingar og menn/kvinner i Helse.
- For at avtalen skal tre i kraft er det ein føresetnad at ein i læretida har viste gode haldningar som arbeidstakar og vist motivasjon og interesse for faget. Dette er samtalepunkt undervegs i læretida, foklarer Bognøy Kleivdal.
I samband med utsending av lærekontrakt får lærlingane eit tilbod om gjensidig avtale om jobbgaranti etter fullført utdanning. Lærlingane som har starta på læretida si i kommunen, får også tilbodet.
Kvart år er det om lag 12 lærlingar som fullfører fagbrevet sitt i kommunen, og dei vil få tilbod om stilling i Alver kommune. Det er tenestebehovet som styrer kor arbeidsstaden vert.
Kvifor gjer vi dette?
Dette er eit langsiktig lagarbeid, og aldersdemografien tilseier at kommunen må satse.
- Vi vil ha fleire til å jobbe i 100 % stilling og auke stillingsprosenten til fagutdanna deltidstilsette i helsesektoren, slik at vi også i framtida kan levere gode tenester. Det betyr at vi må tenke nytt om korleis vi organiserer tenestene og arbeidstida. Heiltidskultur skal lønne seg for tilsette, innbyggjarar og organisasjonen. Vi skal fortsette å utvikle oss fagleg for å vere ein attraktiv arbeidsplass og levere gode tenester til alle som bur i Alver, seier Bognøy Kleivdal.