Jobbmot - nytt tilbod til ungdom i regionen
Jobbmot kompetansesenter ungdom og arbeid er eit 2-årig pilotprosjekt.
Pilotprosjektet Jobbmot opna i mai 2022, og skal hjelpe ungdom frå 10. klasse til 25 år i å finne sin veg. Saman lagar vi ein plan for å nå målet om arbeid, utdanning eller aktivitet. Tilbodet er frivillig, gratis og tilpassa den enkelte ungdom.
Rask start
For å komme raskt i gang og nå ungdom starta Jobbmot med å hjelpe ungdom å finne sommarjobb. Kontakt med lokalt næringsliv – mellom anna gjennom Nordhordland Næringslag resultere i at 11 ungdommar fekk sin første jobb og viktige erfaringar i arbeidslivet som er med å gje nye moglegheiter vidare. Fleire av ungdommane som er tilbake på skule vil forsette som deltidstilsette. Ein del av ungdommane vil ha vidare hjelp frå Jobbmot for å finne riktig skule eller meir/anna jobb.
Er du skulelei eller vil i aktivitet?
Jobbmot kan hjelpe deg å finne det som er rett for kvar enkelt. Saman med ungdom lagar vi ein konkret plan for å nå måla. Målet kan vere skule, jobb eller anna aktivitet. No eller framover. Treng du hjelp frå andre tenester kan vi hjelpe deg å komme i kontakt.
Døme på kva vi kan hjelpe med:
- karriererettleiing
- hjelp til CV/søknad
- direkte kontakt med bedrifter
Kontakt:
Ring oss direkte på telefon: 94 13 62 06, eller send oss ein sms på 59 44 96 19, så avtaler vi å møtast slik at du kan forklare kva du vil ha hjelp til. Både ungdom, føresette, fagpersonar eller arbeidsgivarar kan ta direkte kontakt.
Bakgrunn for Jobbmot
NAV og alle kommunane i Nordhordland starta eit felles utviklingsprosjekt hausten 2020. Målet for prosjektet var å bidra til at vi får fleire sjølvberga unge i arbeid og utdanning i Nordhordland.
Jobbmot, kompetansesenter ungdom og arbeid, var hovudløysinga som blei jobba ut og piloten skal testast ut i regionen til mai 2024. Alver kommune er vertskommune for piloten, og prosjektet er organisert i ungdoms og intergreringsavdelinga i NAV Alver.
Du kan sjå ein kort videosnutt med presentasjon av tilbodet ved å trykke her.