Slik kan du støtte årets TV-aksjon
I år blir TV-aksjonen heildigital i Alver. Det betyr at kommunen ikkje organiserer ein tradisjonell bøsseaksjon.
Slik kan du bidra
Som privatperson kan du gi pengar til TV-aksjonen via:
- Vipps
- SMS
- Overføring til TV-aksjonskonto
- Kortbetaling
Trykk her for å gi ditt bidrag til TV-aksjonen 2023.
Næringsliv, organsiasjonar, kyrkje/trussamfunn, skular og barnehagar kan også gi bidrag digitalt.
KFUK/KFUM organiserer bøsseaksjon frå kyrkjelydshuset i Alversund på aksjonsdagen søndag 22. oktober.
Trykk her for å melde deg som bøssebærar.
Dette går pengane til
TV-aksjonen NRK Redd Barna går til å hjelpe barn ramma av krig og konflikt.
Pengane går blant anna til:
- å gi barn moglegheit til å gå på skulen
- å hjelpe barn som har kome vekk frå familien sin heim att
- å støtte tidlegare barnesoldatar
- trygge leikeområde der barn kan utfalde seg
- hjelp til å handtere vonde opplevingar
- at barn som har flyktet til Noreg, får ei aktiv fritid
Pengane blir fordelte mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg.
Trykk her for å lese meir om TV-aksjonen 2023.
Alver kommune gir 50 000 kroner til TV-aksjonen 2023.