HjemNyheiterVi treng fleire bustader til flyktningar

Vi treng fleire bustader til flyktningar

Har du ei leilegheit eller eit hus du kan leige ut til flyktningar som kjem til Alver? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Publisert: 20.03.2023
Sist endra: 20.03.2023

– Vi er imponert over viljen og engasjementet innbyggjarane i Alver viste då vi etterlyste ledige bustader i fjor, seier Heidi Kleiven frå bustadkontoret og Møyfrid Esther Dietz frå Nav Alver.

Møyfrid Esther Dietz frå NAV og Heidi Kleiven frå bustadkontoret.

No treng dei to hjelp frå alverbuen igjen.

– Vi er først og fremst på jakt etter bustader i gåavstand til buss og butikk – til ein nøktern pris. Det er viktig at flyktningane kjem seg til og frå Knarvik, der fleire får vaksenopplæring. Det er også viktig at det går bussar både morgon og kveld, seier Heidi og Møyfrid.

I fjor tok kommunen imot 180 flyktningar, 166 av desse kom frå Ukraina. I år har kommunen sagt ja til å ta imot 180 nye flyktningar.

Når det gjeld busetjing, har kommunen ei koordinatorrolle. Det er ikkje kommunen, men flyktningane sjølv som leiger – og signerer leigekontrakten.

– Vi tar imot tips og sjekkar alle bustadane. Når vi tar imot nye flyktningar, er målet vårt å finne ein bustad som passar til dei som kjem, fortel Møyfrid og Heidi.

Trykk her for å lese meir om utleige av bustader til flyktningar.