Fleire fargar Alver

Framsyninga med Fleire fargar Alver vil synleggjere Fargespill sin visjon om at musikk og dans er den beste arenaen vi har for eit likeverdig og konstruktivt møte mellom menneske med forskjellig bakgrunn, erfaring og kultur.

Fleire fargar Alver byggjer på konseptet og pedagogikken til Fargespill gjennom lisensavtale med Fargespill.

Fleire fargar Alver vert vidareført i 2022 og ei ny framsyning vil bli sett opp på Meieriet Frekhaug.

Kontakt

Det er avdeling for kultur, idrett og frivilligheit som koordinerer arbeidet med Fleire fargar Alver. Ta kontakt med Sigrid Fivelstad i Alver kommune om du vil vite meir.


Sist oppdatert: 04.07.2022
Publisert: 10.03.2022