HjemSkatt, næring og landbrukServerings-, sals- og skjenkeløyveSøkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement

Når må du søkje om skjenkeløyve for arrangement?

Du må søkje om skjenkeløyve dersom:

  • du leiger lokalet og tar betalt for alkohol eller når lokalet berre har serveringsbevilling og du skal servere eller selge alkohol.
  • du skal servere alkohol i eit lukka selskap, til dømes bryllaup, jubileum eller liknande
  • du skal ha et arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkebevilling eller utandørs på eit avgrensa område
  • Unntak: Du treng ikkje søkje om skjenkeløyve dersom du låner/leiger lokale som eit alternativ til eigen heim til eit privat arrangement. Utleigar/lånar må ikkje vere involvert i arrangementet på anna måte, til dømes innkjøp, servering og utvask. Arrangementet må ikkje annonserast.
Slik søkjer du

Vi har eit felles søknadsskjema for opne og lukka arrangement.

Trykk her for å søkje skjenkeløyve for opne og lukka arrangement.

Krav til søkjar

Du som søkjer må vere over 20 år.

Dersom søkjar ikkje skal vere ansvarleg for skjenkinga, må du skrive kven som skal vere ansvarleg. Skjenkeansvarleg må vere over 20 år. Skal du ha ein avløysar for skjenkeansvarleg, må han eller ho også vere over 20 år. Det er ikkje nødvendig med avløysar på mindre arrangement.

Kva kostar det?

Gebyrsatsen for lukka arrangement, til dømes bryllup, jubileum og firmafestar, er 380 kroner.

Gebyrsatsen for opne arrangement kan variere etter storleiken på arrangementet. Minstesatsen er 380 kroner.

Skjenketider

Trykk her for å lese alkoholpolitisk plan for Alver kommune.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan to veker.

Korleis får du svar?

Dersom du har gitt oss ei e-postadresse, kjem svaret på e-post.

Har vi ikkje e-postadressa di, får du svaret via Altinn, Digipost eller E-boks.


Sist oppdatert: 15.11.2023
Publisert: 01.08.2018