Faktafredag

UNGDATA 2021

Årets Ungdata- undersøking syner at dei fleste ungdommane i Alver trivs og har det godt. Samstundes er det fleire på «feil side» av statistikken i Alver enn nasjonalt.

I Ungdata-undersøkinga svarar elevar ved norske ungdoms- og vidaregåande skular på ei rekkje spørsmål om helse, trivsel og levevanar.

Figurar som syner resultata frå årets undersøking på ungdomstrinnet er tilgjengelege her: Power Bi rapport om Ungdata. Resultata er fordelt i fire figurar. Den fyrste handlar om spørsmål om positive tilhøve- der ein ønsker høg andel svar (skuletrivsel, forventningar om lukkeleg liv osv.) Den andre handlar om negative tilhøve der ein ønsker låg andel svar (einsemd, psykiske plager osv). Den tredje handlar om tilhøve som ikkje nødvendigvis er verken positive eller negative (ønske om å ta høgare utdanning, tid brukt på elektroniske spel og sosiale media osv.). Og den siste syner spørsmåla der svara frå Alver- ungdommane skil seg mest frå landsgjennomsnittet.
Du kan bla mellom figurane med piltastane nedst på skjermen.

Meir einsemd og psykiske plager

Dei fleste ungdommane i Alver (og Noreg) er på «den rette sida» av statistikken. Dei trivs på skulen, har vener, er nøgde med helsa si og foreldra sine. Og jamt over skil svara frå Alver ungdommane seg lite frå landsgjennomsnittet.

Det er likevel ein tendens til at den delen av ungdommane som er «på feil side» av statistikken er noko større i Alver enn nasjonalt.

Mellom anna svarar ein større del av ungdomsskuleelevane i Alver at dei har hatt psykiske plagar (22%), vore plaga av einsemd (15%), og at dei kvar veke nyttar smertestillande tablettar (22%). Det er òg betydeleg færre som trur dei vil få eit lukkeleg liv (61%), at dei vil fullføre vidaregåande skule (78%), og som er nøgde med kulturtilbodet der dei bur (27%). For desse tilhøva er Alver blant den fjerdedelen av kommunane i landet med svakast resultat, og utviklinga har vore negativ viss me samanliknar årets undersøking med undersøkinga som blei gjort for to år sidan.

Lite alkohol, mykje dataspel

På den positive sida skil Alver-ungdommane seg frå landsgjennomsnittet ved at færre har smakt (10%), eller vore rusa (8%) på alkohol. For desse spørsmåla er Alver blant den beste fjerdedelen av kommunane i landet. Det er òg betydeleg færre Alver-ungdommar som ventar å bli arbeidslause som vaksne (15%).

Elles kjenneteiknast Alver-ungdommane av å bruke meir tid på elektroniske spel, og ved at det er langt færre som trur dei vil ta høgare utdanning (42%).

Det er òg færre i Alver-ungdommar som svarar at dei «minst 1-2 gonger i veka» har delteke på organisert trening. Men delen som er «fysisk aktive sjeldnare enn ei gong i veka»  er likevel ikkje høgare i Alver enn nasjonalt.

Kva med elevane på vidaregåande skule?

Ungdata-undersøkinga blei òg gjennomført på Knarvik vidaregåande skule i år, og er publisert i denne rapporten.

91 prosent av elevane På Knarvik vidaregåande bur i Alver. Samstundes går 35 prosent av vidaregåande elevane som bur i Alver på andre vidaregåande skular.

Det er òg verdt å minne om at ein del ungdommar i denne aldersgruppa ikkje svarar på undersøkinga. Anten fordi dei er lærlingar og derfor ikkje til stades på skulen då undersøkinga blei gjennomført, eller at dei er utanfor utdanningssystemet.

Desse «seleksjonsmekanismane» er kanskje ei forklaring på at resultata for Knarvik vidaregåande på ein del område skil seg mykje frå ungdomsskuleelevane i Alver, men mindre frå vidaregåande elevar elles i landet.

Mellom anna trur heile 96 prosent av Knarvik- elevane at dei vil fullføre vidaregåande - eitt prosentpoeng høgare enn nasjonalt. Tilsvarande trur 60 prosent at dei vil ta høgare utdanning. Det er sju prosentpoeng lågare enn nasjonalt, men langt høgare enn dei 42 prosent av ungdomsskuleelevane som trur det same.

Nokre trekk frå ungdomskuleelevane går likevel igjen blant elevane på Knarvik vidaregåande. Einsemd er noko meir utbreidd enn nasjonalt. Fleire brukar mykje tid på dataspel, og færre nyttar alkohol og tobakk.


Sist oppdatert: 24.11.2021
Publisert: 23.11.2021