Tenesteleiar, barnehage
Etablering av kommunalt foreldreutval for barnehage og grunnskule
Framlegg til etablering av kommunalt foreldreutval for barnehage- og grunnskule var til handsaming i Levekårsutvalet den 28.11.23 og vart vedteke sendt ut på høyring.
Høyringa vert sendt til kommunale og private barnehagar og grunnskular i Alver kommune. Høyringa skal handsamast i barnehagane og skulane sine organ. Styrar og rektor har ansvar for å leggje til rette for gode høyringsprosessar i si avdeling.
Høyringa vert og sendt til Knarvik vidaregåande skule, til Ungdomsrådet og til dei tilsette sine organisasjonar.
Uttale kan sendast til: post@alver.kommune.no
Merk uttalen: SAK 2023/10266 Etablering av kommunalt foreldreutval for barnehage og grunnskule.
Høyringsfrist: 12.01.2024
Har du spørsmål, ta kontakt med:
Mona Meidell-Hagewick
Sist oppdatert:
04.12.2023
Publisert:
04.12.2023