Høyring og offentleg ettersyn av kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen
I medhald av plan- og bygningslova § 11-14 gjorde utval for areal, plan og miljø 20.03.2024 (sak 37/24), vedtak på vilkår om å leggja kommunedelplan for E39 Flatøy-Eikefettunnelen med planID1263-201611 ut til høyring og offentleg ettersyn.
Planforslaget sitt hovudmål er tilrettelegging av ny trase på strekninga Flatøy-Eikefettunnelen med eit meir trafikksikkert og meir effektivt nord-sør-samband på Vestlandet innanfor dei rammer som er gitt i Nasjonal transportplan. Løysinga skal legge til rette for vidare utvikling av Knarvik som regionsenter, og skal fokusere på løysingar som styrker dagens tilbod.
Alver kommune meiner at planlegging av samferdsleinvesteringar i dag i mindre grad skal la seg styre av forventning om trafikkvekst, men heller trafikktryggleik, føreseielege tilhøve for næringslivet, lågare kostnadar og mindre nedbygging av natur.
Kommunedelplanen for E39 Flatøy – Eikefettunnelen skal bidra til å avklare løysing for det overordna vegsystemet gjennom regionsenteret Knarvik og gi føreseielege rammer for vidare utvikling. I tillegg skal planen bidra til å løyse dagens problematikk for mjuke trafikantar mellom Knarvik og Hjelmås.
Har du spørsmål til planen?
Kontakt Kristin Nåmdal
E-post: kristin.namdal@alver.kommune.no
Telefon: 47 46 62 96
Planforslaget med tilhøyrande vedlegg:
Planskildring og føresegner:
Plankart:
- Plankart-F3-V3-M1-A2.pdf
- Plankart-F3-V3-M1-A3.pdf
- Plankart-F3-V3-M2-A2.pdf
- Plankart-F3-V3-M2-A3.pdf
- Plankart-F3-V3-M4-A2.pdf
- Plankart-F3-V3-M4-A3.pdf
- V100.PDF.pdf
- V3.PDF.pdf
- V4.PDF.pdf
Tekniske teikningar:
Fagrapportar:
- Arealbruksendringar.pdf
- Deponi overskotsmassar.pdf
- Etappevis utbygging.pdf
- Friluftsliv by bygdeliv.pdf
- Gang og sykkelveg.pdf
- Geoteknisk rapport.pdf
- Geoteknisk datarapport.pdf
- Hydrologi hydraulikk.pdf
- Ingenior og hydrogeologi.pdf
- Klimagassberegninger.pdf
- Konsekvensanalyse.pdf
- Konstruksjonsoversikt.pdf
- Kulturarv.pdf
- Landskapsbilete.pdf
- Naturmangfald.pdf
- Naturressursar.pdf
- Risiko forurenset grunn.pdf
- Risiko og sårbarheitsanalyse
- Støy.pdf
- Sårbarhet vassdrag.pdf
- Teknisk forprosjekt ny hagelsund bru.pdf
- Transport prissatte konsekvenser.pdf
Vedteke planprogram:
Oversendinga frå Statens vegvesen finn du her:
E39 Knarvik-Ostereidet (Flatøy-Eikefettunnelen) Statens vegvesen
Folkemøte og open kontordag
Har du innspel eller spørsmål? Velkommen på open kontordag og folkemøte.
Open kontordag på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik:
- 29. april klokka 11-15.
- 14. mai klokka 14-19.
Folkemøte på Region Nordhordland Helsehus i Knarvik:
- 7. mai klokka 18-20.
Slik kan du kome med innspel
Perioden for høyring og offentleg ettersyn er 8. april til 10. juni 2024
-
Send innspelet ditt på e-post til post@alver.kommune.no.
-
Du kan også sende innspelet med brev til Alver kommune v/plan og analyse, postboks 4, 5906 Frekhaug.
Merk innspel med saksnummer (2024/27).