Kunngjering av vedtatt reguleringsplan for Framo Flatøy AS
I medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12 har Alver kommunestyre 05.10.2023, sak 117/23, vedtatt følgjande reguleringsplan:
Detaljregulering for Framo Flatøy AS, gnr. 1 bnr. 57 mfl., PlanID 125620180004
Hovudformålet med planen er å leggje til rette for ei utviding av eksisterande verksemd for produksjon av utstyr til offshore, marin, akvakultur og fornybar energi. Det skal etablerast nye bygningar, meir lagerplass og betre trafikale tilhøve. Det skal etablerast ny kai, eit nytt administrasjonsbygg og fleire gamle bygningar skal erstattast med nye.
Planframlegget og planvedtak finn du på arealplaner.no
Trykk her for planframlegg og planvedtak
Om klage og verknad av plan
Vedtaket er eit enkeltvedtak etter reglane i lov om offentleg forvaltning (fvl). Kommunestyrets vedtak kan påklagast av den som er part eller har rettsleg klageinteresse. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er motteke. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til kommunen:
- Alver kommune v/ Planforvaltning
postboks 4
5906 Frekhaug, - eller på e- post til: post@alver.kommune.no
Reguleringsplanen fastset framtidig bruk av området og er bindande for nye tiltak, samt utviding av eksisterande tiltak, jf. pbl §12-4. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing i samband med godkjend reguleringsplan må setjast fram innan 3 år etter denne kunngjeringa, jf. pbl § 15-2.