Kva planar skal Alver kommune arbeide med dei neste 4 åra?
Kommunal planstrategi er politisk prioritering av planinnsatsen, for å sikre ei ressurseffektiv og målretta planlegging. I planstrategien viser vi eit framlegg til kva planar og strategiar Alver kommune vil arbeide med.
Formannskapet har vedteke å sende framlegg til Planstrategi på høyring.
Planstrategi skal i medhald av plan- og bygningslova § 10-1 vedtakast av kommunestyret etter at den har vore offentleg tilgjengeleg i minst 30 dagar.
Frist for å kome med innspel er 27. mai.
Innspel må vere skriftleg og du sender dei til post@alver.kommune.no.
Sjå planstrategi for Alver kommune 2024-2028.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Kristin Nåmdal på Kristin.namdal@alver.kommune.no.
Sist oppdatert:
24.04.2024
Publisert:
23.04.2024