Varsel om endring av reguleringsplan for Fv. 5310 Fosse – Moldekleiv
I medhald av plan- og bygningslova § 12-14 vert det varsla endring av reguleringsplan for Fv. 5310 Fosse – Moldekleiv med oppgradering av Fossekrysset, planid. 125620160012 i Alver kommune.
Forslagsstillar for reguleringsendringa er Vestland fylkeskommune, utførande konsulent er Rambøll.
Formålet med reguleringsendringa
Gjeldande reguleringsplan vart vedteken 18.02.2021, og detaljprosjekteringa av byggjeplanen vart starta våren 2022 av Rambøll, på vegne av Vestland Fylkeskommune.
Gjennom arbeidet med byggjeplanen for vegstrekninga vart det avdekka behov for fleire mindre justeringar i av reguleringsplanen.
Det er no utarbeidd nye plankart med justeringar, samt oppdatert reguleringsføresegnene/bestemmelsar og planomtale.
Planforslaget omfattar følgjande dokument:
Slik kan du kome med innspel
Merknader til planforslaget må vera framsett skriftleg innan merknadsfristen som er 25.09.2023.
For å kome med merknad kan du:
- Sende e-post til: post@alver.kommune.no
- Sende brev til: Alver kommune, Postboks 4, 5906 Frekhaug.
Merknaden stilast til Plan v/ Arealforvaltning.