Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Knarvik hovudreinseanlegg
I medhald av plan- og bygningslovens §§ 12-3 og 12-8 blir det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Knarvik hovudreinseanlegg i Alver kommune (planID 46312023004). Tiltakshavar er Alver kommune v/ Eigedomsforvaltning, og utførande plankonsulent er Asplan Viak AS.
Planområde
Planområdet er på ca. 62 daa, og ligg sentralt i Knarvik. Planområdet tar med seg tomt for nytt reinseanlegg (gnr. 188, bnr. 420) og tomt for nytt pumpehus med tilkomstveg (gnr. 188, bnr. 802). I tillegg tar planområde med seg vegareal med sideareal, eit grøntareal mot Kvassnesstemma og eit areal ut i fjorden. Det kan bli aktuelt å snevra inn planområdet, når planforslaget er konkretisert.
Området er i hovudsak regulert i områdeplan for Knarvik frå 2015 (planID 4631_1263-201002). I områdeplanen er tomt for framtidig reinseanlegg regulert til offentleg eller privat tenesteyting. Planområde inkluderer i tillegg offentlege areal for køyreveg, fortau, gangveg og friområde rundt Kvassnesstemma.
Areal nærmast fjorden er i kommunedelplan for Knarvik, Alversund og Alverstraumen 2019-2031 (planID 1263-201701) delvis sett av til andre typar bygningar og anlegg, og delvis til friområde med omsynssone for friluftsliv. Det er vist framtidig turveg til fjorden.
Kva går planen ut på?
Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for nytt hovudreinseanlegg i Knarvik. I tillegg skal det leggjast til rette for eit pumpehus lengre mot sør og nærmare fjorden. I samband med tilkomstveg til pumpehuset vil ein planlegga for universelt utforma møteplassar i grøntområde ned mot fjorden.
Lokalisering av reinseanlegget har vore drøfta og utgreidd i fleire år, og det blei vedtatt i Alver kommunestyre 22.06.2023 i sak 079/23 at det nye hovudavløpsreinseanlegget skal liggja ved Øvre Kvassneset i Knarvik. Heile avløpsnettet i Knarvik tettstad er lagt opp til lokasjonen som no er bestemt for hovudreinseanlegg, og det er søkt til Statsforvaltaren om utsleppsløyve frå denne lokasjonen. I dagens situasjon er avløpet frå Knarvik tettstad ført til Kvassneset med utslepp til sjø. Utvikling av Knarvik, Alversund og Hilland er avhengig av at det nye reinseanlegget kjem snarleg på plass. Reguleringsprosessen blir difor køyrt parallelt med prosjektering av reinseanlegget, og det skal leggast opp til eit tett samarbeid mellom regulerings- og prosjekteringsteamet.
Konsekvensutgreiing
Det er i samråd med Alver kommune vurdert at reguleringsplanarbeidet er omfatta av Forskrift om konsekvensutredning, jf. §§ 8 og 10 i forskrifta. Ut frå ei samla vurdering av tiltaket sin påverknad på omgjevnadane, er følgjande tema aktuelle å utgreia; landskap, arkitektonisk og estetisk utforming, naturmangfald, friluftsliv og forureining (støy, lukt). Det er ikkje krav til planprogram for dette planarbeidet, jf. § 8.
Informasjonsmøte
Det blir invitert til eit ope informasjonsmøte i kantina til Nordhordlandshallen torsdag 11. april kl. 18-20. På møtet vil representantar frå forslagsstillar og plankonsulent vere til stades. Det vil bli informasjon om tiltaket og planprosessen.
Sei di meining
Frist for å kome med innspel er 01. mai 2024.
Merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til plankonsulent på følgjande adresse:
- Asplan Viak AS v/Anja Vik
Postboks 2304 Solheimsviken
5824 Bergen - Eller på e-post til: KnarvikHRA@asplanviak.no
Spørsmål til planarbeidet kan rettast til plankonsulent.
Alle mottatte dokument, merknader o.l. blir sendt til kommunen saman med planforslaget.
Kva skjer vidare?
Etter merknadsfristen vil planforslaget bli utarbeidd, og deretter sendt til Alver kommune for saksbehandling. Etter første gangs handsaming blir planen sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det vil då vere mogleg å gi merknader til planforslaget før planen blir lagt fram for politisk vedtak.