Vi inviterer til å kome med innspel til barnehage- og skulebruksplan
Utval for levekår har vedteke etter § 11-14 i sak PS 22/24 å sende kommunedelplan for barnehage og skulebruk ut på høyring og offentleg ettersyn.
Målet med planarbeidet er at barnehage- og skulebruksplanen skal sikre ei styrt utvikling av dei kommunale barnehage- og skuleanlegga i Alver kommune.
Planprosessen skal vere godt forankra gjennom brei medverknad frå innbyggjarar, barn og unge, tilsette og interesseorganisasjonar. Målet er å sikre gode og likeverdige tilbod som fremjar helse, trivsel, og utvikling, samtidig som den bidreg til berekraftige og attraktive nærmiljø.
- Planarbeidet skal gje ei oppdatert oversikt over anlegga
- Planen skal kome med framlegg om ein berekraftig og framtidsretta struktur for barnehage og skule med god utnytting av ressursar og kvalitet i tilbodet , og sjå på konsekvensane av desse endringane.
- Planen skal fokusere på kvalitet, økonomi og bruk av anlegga i nærmiljøet på ettermiddag og i helg.
Høyringsfrist er 31.mai. Merknadane må vere skriftlege og sendast til:
- post@alver.kommune.no
- Eller som brev til Alver kommune, postboks 4, 5906 Frekhaug
Aktuelle vedlegg
- Barnehage- og skulebruksplan for Alver kommune (pdf) - oppdatert versjon med korrigerte tal for ungdomsskulestruktur og tabellar i økonomikapittel ungdomsskule.
- Skildring skule- og barnehageanlegg i Alver kommune (pdf)
Kva skjer etter høyringsfristen?
Etter høyringsfristen 31. mai skal kommunedirektøren komme med si anbefaling til politikarane.
Sist oppdatert:
05.06.2024
Publisert:
17.04.2024