Brukarmedverknad
Kva ansvar har kommunen?
- Vi skal orientere råd og utval om skulemiljøet og gjere utvala kjent med arbeid innanfor helse, miljø og tryggleik.
- Vi skal ta råd og utval med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltak ved skulen.
- Vi skal varsle elevar og føresette dersom det oppstår forhold som har negativ innverknad på helsa til elevane.
Kva rolle har råda og utvala?
- Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde.
- Råda og utvala skal vere ein arena for å utveksle meiningar og gi felles uttalar til skulane.
Kvar skule skal ha følgjande råd og utval:
- samarbeidsutval
- elevråd
- skulemiljøutval
- foreldreråd
Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om rolla til dei ulike råda og utvala.
Klage på manglande elevmedverknad
Barneombodet har laga eit skriv, som elevar kan bruke om dei ønskjer å gi skuleleiinga ei tilbakemelding på manglande elevmedverknad.
Sist oppdatert:
10.08.2021
Publisert:
07.06.2018