Grunnskule for vaksne

Om opplæringa

Alle med innvandrarbakgrunn, må ha norsk personnummer og rett på opphald for å få tilbod om grunnskule for vaksne. Du må også ha folkeregistrert adresse i Alver kommune.

Fag på grunnskulen:

  • norsk
  • engelsk
  • matematikk
  • naturfag
  • samfunnsfag
Slik søkjer du

Du kan søke heile året.

Trykk her for søknadsskjema

Alle som henvender seg til Alver kommune og er interessert i  grunnskule for vaksne blir invitert til ein samtale hos oss i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.
Realkompetansevurdering

Manglar du dokumentasjon på grunnskuleopplæringa frå heimlandet kan du ved hjelp av ei kartlegging av det du kan, få eit kompetansebevis.

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er summen av alt det du kan etter utdanning, jobbar du har hatt og aktivitetar du har vore med på. Med ei vurdering av realkompetansen din får du dokumentert kva du kan.

Slik går du fram

Ta kontakt med vaksenopplæringa i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.
Be om ei realkompetansevurdering.

Til den første samtalen må du ta med dokumentasjon på all utdanning og jobberfaring.

Kva får du?

Etter ei kartlegging og vurdering av det du kan, får du eit kompetansebevis.

Vurderinga kan gi deg:

  • dokumentasjon på godkjent kompetanse i eitt eller fleire fag
  • avkorta eller tilpassa tilbod om grunnskule for vaksne

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart

 

Treng du spesialundervisning?

Trykk her for å lese meir om spesialundervisning for vaksne på grunnskule.

Kurs i grunnleggjande ferdigheiter

Om kursa

Du har rett til å få denne opplæringa frå kommunen utan å ta heile fag. Målet med opplæringa er å hjelpe deg til vidare utdanning eller jobb.

På kurset får du opplæring i å:

  • lese og skrive
  • rekne
  • bruke data og internett
  • uttrykke deg munnleg

Slik søkjer du

Du kan søke heile året. 

Alle som vil ta kurset i grunnleggande ferdigheiter blir invitert til ein samtale hos oss i Kvernhusmyrane 8 i Knarvik.

Til samtalen må du ta med:

  • Dokumentasjon på opphaldsløyve: Pass, opphaldskort, registreringsbevis eller brev frå politiet eller UDI
  • Legitimasjon med bilde
  • DUF-nummer eller fødselsnummer
  • Eventuelt dokumentasjon på tidlegare norskkurs
  • Har du nettopp flytta til Nordhordland, må du ta med bustadattest frå Folkeregisteret.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart

 

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kontakt oss

Våre opningstider er måndag til fredag mellom klokka 08.30 og 15.30.

  • Besøksadresse
    Kvernhusmyrane 8
    5914 Isdalstø

Trykk her for å sjå kart


Sist oppdatert: 04.04.2022
Publisert: 07.06.2018