App for kommunikasjon mellom heim og skule
For å kunne bruke appen må du ha smarttelefon (eller nettbrett) med minimum iOS 11.0 (Apple) eller Android 9 (frå april 2023)
Slik gjer du det:
Foreldre/føresette som ikkje har smarttelefon eller av andre årsaker har valt å ikkje installere appen, vil framleis kunne logge seg på fullversjon av Visma Flyt Skole ved å gå til nettsida: https://skole.visma.com/alver og lese meldingar og sjå anna informasjon om barnet.
- Last ned appen frå Google Play eller App Store. Appen heiter “Min Skole - foresatt”
- Klikk på “Logg inn med ID-Porten”
- Velg riktig kommune/organisasjon/skule frå lista.
- Klikk på ‘Velg’ øverst til høyre og deretter på ‘Fortsett’
- Logg inn med MinID, BankID eller Bypass
- Legg inn ønska pin-kode, og bekreft. Klikk ‘OK’
- Du kan også aktivere innlogging via biometri
- Du blir no logga inn, og kan sjå dei barna/skulene du har tilgang til
Ei innlogging via ID-porten er aktiv i 90 dager. Etter 90 dagar blir ein automatisk logga ut og må logge inn på nytt. I desse 90 dagane kan du logge på appen med pin eller biometri.
Data fra appen vert behandla og lagra i Norge i samsvar med gjeldande GDPR-regelverk.
NB! - vi minner om at føresette ikkje må sende sensitiv informasjon (til dømes helseopplysninger) i appen til skulen. Kontakt skulen på telefon eller avtal eit møte dersom det er behov for å gi informasjon av sensitiv karakter.
Har du spørsmål?
Alle spørsmål fra føresette knytt til appen skal alltid meldast direkte til skulen til eleven.