HjemSkule og utdanningSøkje læreplass

Søkje læreplass

Om ordninga

Alver kommune har om lag 56 lærlingar til ei kvar tid.

Kommunen tek inn lærlingar i følgjande fag:

  • Helsefag/TAF-helse
  • Barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Institusjonskokkefaget
  • Feiarfaget
  • Reinhaldsoperatørfaget
  • Byggdriftarfaget
  • Kontorfaget
  • Målarfaget

Søknadsfrist for læreplass i Alver kommune er 1. mars.

Læretida

Som lærling i Alver kommune får du strukturert opplæring i samarbeid med våre lærestadar i samsvar med opplæringslova. 

Jobbmoglegheiter

Alver kommune har eit stort behov for framtidige fagarbeidarar. 

Trykk her for å sjå våre ledige stillingar. 

Slik søkjer du

Søknaden kan du sende via VIGO, til Opplæringskontoret i Nordhordland eller direkte til Alver kommune på e-post: post@alver.kommune.no.

Trykk her for å kome til VIGO

Har du spørsmål om lærlingordninga i Alver kommune, ta kontakt med:

Meir om lærefag

For Alver kommune er det eit samfunnsansvar å gje oppveksande generasjonar utdanning, men vel så viktig er kommunen sitt behov for eiga rekruttering. På sikt vil kommunen ha eit aukande behov til dømes innan helsefag, noko som gjer at vi har prioritert inntaket i dette faget.

Alver kommune er også godkjent som lærebedrift innan TAF-helsefag. Tilbodet inneber at elevane oppnår både studiekompetanse og fagbrev i helsearbeidarfaget innan fire år. Dette er eit samarbeid mellom Knarvik Vidaregåande skule og Alver kommune. Dei to første åra som elevar og dei to siste som lærlingar.

Alver kommune har nyleg inngått samarbeidsavtale med Austrheim, Knarvik og Osterøy Vidaregåande skular. Hensikten er å styrke samarbeidet om å rekruttera til yrkesfagleg opplæring og å lette overgangen frå skule til læreplass for elevane.

Alver kommune er medlem i Opplæringskontoret for Nordhordland, som er bindeleddet vårt mellom Vestland Fylkeskommune som utarbeidar lærekontraktane.

Opplæringskontoret for Nordhordland bidreg også med oppfølging og kvalitetssikring.

Læreplassgaranti i helsefagarbeidet

Føremål:
Å få fleire kvalifiserte søkjarar til helsearbeidarfaget

Gjeld for:
Elevar som har fullført VG1 og VG2 helsearbeidarfaget, og som har ungdomsrett.

Krav:

  • Du må vere busett i Alver kommune.
  • Du må ha bestått i alle fag, med minimum karakteren 3 i programfaga.
  • Du må ha god orden og oppførsel.
  • Du må ha lågt fråvær og kunne dokumentere dette. Dersom du har meir enn ti dagar dokumentert fråvær, oppmodar vi deg til å leggje ved ei skildring av orsaka til fråværet.
  • Du må ha gjennomført yrkesfagleg fordjupning i bedrift i VG2 og viser motivasjon og interesse for faget.

Alle lærlingar som blir tilsette må gjennom eit intervju og vurderast ut frå karakterar, fråvær, referansar, om ein er eigna i faget og heilskapsinntrykk.

Læreplassgarantien er meint for å styrke rekrutteringa til yrket. Vi oppmodar alle aktuelle kandidatar om å søkje læreplass hjå oss, uavhengig av alder. Vi tilbyr også tilpassa utdanningsløp.


Sist oppdatert: 07.06.2022
Publisert: 06.02.2020