Leksehjelp
Organisering
Tilbod om leksehjelp blir lagt til 5.-10. trinn, med følgjande fordeling av timane:
Mellomtrinn: 5 timar i veka, fordelt på 5.-7. trinn
Ungdomstrinn: 3 timar i veka, fordelt på 8.-10. trinn
Det er lokale ordningar innanfor dei gitte rammene på dei ulike skulane.
Slik melder du barnet ditt på ordninga
Informasjon og påmelding kjem frå kvar skule til heimane.
Kva kostar det?
Det er gratis for elevane å delta på leksehjelp.
Slik melder du barnet ditt av ordninga
Ta kontakt med skulen barnet ditt går på.
Skyss
Elevane har ikkje rett på gratis skyss etter leksehjelp.
Retningslinje
Kva seier lova?
Trykk her for å lese kva Opplæringslova seier om Leksehjelpordninga: opplæringslova § 13-7a